Sumo Paint

Er du ein av dei som savnar eit godt biletredigeringsprogram når du skal vise/redigere bileter på andre maskiner enn di eiga? Sumo Paint er akkurat eit slikt program.Det er tilgjengeleg på alle maskinar som er tilkobla internett, det er nemleg nettbasert.

Du kan hente inn bileter lokalt frå maskina du sit på, eller frå din brukarkonto. Det er gratis registrering, og du får 1000 i kreditt når du har registrert deg. Kva dei skal brukes til, veit eg endå ikkje. Informasjonen på det området er særs begrensa.

Når det kjem til bruken av programmet er det ganske beint fram, og for dei av oss som har vore inne i eit bilethandsamingsprogram før, kjenner oss fort att i brukergrensesnittet. Du jobbar med lag, fargar og effektar som om du skulle vore i Photoshop. På same måte som du opnar bileter, kan du også lagre bilete lokal på maskinen eller i brukarkontoen din. For sistnemnte kan du gå inn og jobbe vidare med tidlegare oppretta prosjekt.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.