Stikkord: Fotografi

  • Gurglekokogerio? Ed?

    Ikkje enkelt å komma på ein dekkjande tittel på innholde i dagens innlegg, så eg putta på det første og raraste eg kom på...

  • Morgonstemning har gull i munn

    Som alle andre norske ungdommar, stod eg i går opp über tidleg, nærare bestemt klokka 07.24. Tok på meg godt med klede (det var fint med utruleg kaldt ute), putta øyrepluggane frå iPoden inn i øyro, flekka med meg EOS'en min, og vandra til bussen. Vel framme i sentrum gjekk eg rundt og fanga inn den folketomme byen via linsa på kameraet. Resultatet av mi ferd kan sjåast over eller i fotoalbumet (trykk deretter på biletet for å sjå fleire...) mitt. Enjoy.

  • Seigheit er ein, eh, artig ting

    Det tok litt tid, men etter at bloggen min rauk til honen tidlegare i haust, så forsvant det meste av bileta som låg på sida mi. Fotoalbumet har vore inn og ut av sjukestova, men eg kan rapportere at den er på betringens veg, og vil verta utskriven om kun kort tid.

  • Ein liten oppdatering

    Då har eg tatt ein liten justering på designet mitt igjen. Dette var strengt tatt ikkje nødvendig, men hadde lyst å minimalisere ting litt, samtidig som eg fekk alt inn i eit publiseringssystem.

  • Canon EOS 350D

    Då var innkjøpet av mitt nye leketøy, Canon EOS 350D, i boks. Planen var jo å spare dimmepengane lengs mulig, men eg kunne berre ikkje dy meg. Fotointeressa blei for overhengande, og alt som hjalp då, var eitt god tilbud på speilreflekskameraet. Har knipsa eitt par bilete med det allereie, og kan seie meg nøgd foreløpig. Dog, eg har mykje att å læra.

  • Ein liten månad igjen

    Då er det kun eit par veker igjen til eg igjen er ein fri og sivil mann igjen. Etter snart 12 måneder med unyttig slit og slavearbeid, er det igjen på tide å setje seg ned foran skjermen og tjene normal lønn igjen! Men først går turen til Svalbard med fregatten.

  • Nye bilete i fotoalbumet

    I dag har eg justert fotoalbumet slik at det ser litt meir normalt ut, og slik at det skal vere enklare å navigere rundt i. Eg har også fiksa på menyen øverst på sida slik at det skal vere enklare å faktisk komme fram til fotoalbumet :)

  • Nye bilete i albumet

    Har atter ein gong kome meg heim att frå tokt med KNM Narvik. Denne gangen seilte me ruta som alle hurtigrutene seiler til daglig, nemleg frå Bergen til Kirkenes. Det var ein usedvanleg vakker tur.