Finn eit bilete og blogg om det

Renate satt i sjakk matt

Etter å bladd meg gjen­nom Mia Holtes mange gode blog­ginn­legg, fant eg ein litan ting som ser ut til å spre seg på blog­gar rundt omkring og som eg ville prøve ut.

Heile greia går ut på føl­g­jande:

  1. Gå inn på Mine bileter/mapper
  2. Vel den 4. map­pa
  3. Finn det 4 biletet
  4. Sett inn biletet på bloggen og skriv litt om det

Dette høyr­er kan­skje ut som ein spøk, men då eg tenk­te eg skulle sleng­je meg på dette, var biletet av Renate i sjakkruter det eg fekk i tankane. Eg måtte smile då det fjerde biletet i den fjerde map­pa var akku­rat det biletet. Det er tatt ein av dei første gongane madammen og meg møttest. Det var på ein utstill­ing for Kun­sthøgskolen i Bergen, og rom­met Renate sit i, er den midler­tidi­ge «baren» til ei ven­ninne av meg som går på den skulen. Per­fekt bilete i mine augo.

Finn eit bilete, og sleng deg med du også!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: