Knask på ein fredag: Februar

Akkurat når du har kome inn i kvardagsmodus, så er det igjen tid for å slappe av og telle ned minuttar og sekund til helga med litt fredagsknask. I dag har eg mest fokusert på vevdesign, men sper på med litt eple-nyhende og ein desj med ikonrelaterte saker.

Post it

Akkurat når du har kome inn i kvardagsmodus, så er det igjen tid for å slappe av og telle ned minuttar og sekund til helga med litt fredagsknask. I dag har eg mest fokusert på vevdesign, men sper på med litt eple-nyhende og ein desj med ikonrelaterte saker.

Kan eg by på litt snacks?

Manual design

Det finnes mange nettstader der ute med eit relativt ok design. Her er eit lite knippe med sider eg meiner har fått dette ekstra godt til:

MacBook Wheel

Har dei først presentert verdas minste laptop, kan dei ikkje gje seg før dei har fjerna tastaturet!

Kva meir eg har å by på?

IconDock

Jo, det må jo vere litt ikoner og ikondesign på plakaten denne fredagen også. Fyrst må eg informere om nyoppstarta IconDock frå folka bak N.Design Studio. Det er ikkje så mange ikon der i dag, men ser for meg at det snart bugnar over av geniale og fantastisk flotte ikoner der!

VirtualBox: Windows på Mac

VirtualBox

Om du plutseleg treng ein Windows-installasjon i OS X, har det til no ikkje vore flust av gode og gratis altenativ til ein såkalla Virtual Machine. Sun Microsystems har gjort noko med saken, og lansert Sun xVM Virtualboks til gratis nedlasting. Eg har dessverre ikkje hjarta til å installere det på «min» Macintosh-maskin på jobben, men det eg har lest og sett på AppStorm sin omtale av programmet virkar lovande.

3 Comments

Jo, takk! Hadde ein dag der eg snubla over ein heil del fine og gode sider, kanskje for mange, men dog. Og takkar for tilbodet om å verta gjesteskribent, men den jobben ser at du nok klarar den biffen sjølv :D

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.