Lyst på designpakke?

Eg har tidlegare skrive om gratis altenativ til anna og meir kostbar programvare. Denne gong er det alternativer til programmer gitt ut under fri programvare-lisensar, som kan samanliknast med dei man finn i til dømes Adobe-pakken, som er temaet.

Eg har tidlegare skrive om gratis altenativ til anna og meir kostbar programvare. Denne gong er det alternativer til programmer gitt ut under fri programvare-lisensar, som kan samanliknast med dei man finn i til dømes Adobe-pakken, som er temaet.

I tillegg til at alle programma er gratis, eller fri programvare, fins dei også til Windows, OS X og Linux. Det kan man jo ikkje seie om til dømes Adobe Creative Suite. Eg veit det er nokon som har sett seg som mål å få installert og brukt Adobe Photoshop i Linux, men foreløpig er det ikkje ein offisiell utgivning frå Adobe. Eg har ikkje gått djupt inn i funksjonane til alle programma under, men det eg har sett og funne ut er bra nok til at eg kan seie at dei er gode alternativ.

Dei er også testa på OS X for dei som måtte lure…

Gimp (alternativ til Photoshop)

Gimp har god støtte for fotojustering

For dei som ikkje har vore innom Photoshop, er dette absolutt eit program å anbefale om man ikkje har lyst å bruke så mykje pengar. Men sjølv eg, med minst 7 år med Photoshop syns det var enkelt å ta i bruk Gimp. Brukergrensesnittet er ganske likt som Adobe sitt bilethandsamingsprogram: Du har verktykassa med meir eller mindre dei same verktya, du kan jobbe med lag, legge på filter, justere kurver og fargebalansen. Ein ting som eg meiner er viktig, er fargestyring med fargeprofiler (ICC). Gimp har full støtte for dette, på lik linje som Photoshop. Om du installerer tillegget UFRaw, kan du også redigere RAW-formater.

Du kan opne PDF, vektor-filer og tilogmed .psd-filer med lag inntakt. Diverre mister du justeringslag som evt. måtte ligge i fila. Gimp har god støtte for dei fleste biletformat. Det var faktisk enklare å justere på markering (for til dømes utklipp) og tekstboksar i dette programmet, enn i Photoshop.

Ein ting som eg oppdaga då eg skulle opprette eit nytt bilete, var at under predefinerte storleikar, i tillegg til A4 og A3 osb., stod det «Toilet Paper». Gimp er perfekt for dei som måtte designe for toalettprdusentane rundt om kring, altså.

På OS X må du med dagens Gimp versjon (2.6) køyre det gjennom X11 for at det skal fungere. Dette gjer at du må aktivere dei forskjellige arbeidspalettane før du kan bruke dei. Men dette er som sagt kun på OS X. Gimp har norsk språkpakke forhandsinstallert.

Inkscape (alternativ til Illustrator)

Inkscape

Etter det eg kjenner til, skal Inkscape vere det beste gratisprogrammet som kan erstatte Illustrator. Eg har ikkje fått sett så djupt inn i funksjonane på dette programmet, og det var i byrjinga ein større omstilling frå Illustrator til Inkscape enn det var frå Photoshop til Gimp. Men eg kan seie såpass at det er mykje bra du kan gjere her.Inkscape har i likhet med Gimp støtte for fargestyring, men etter mitt syn meir knotete.

Det ser derimot ikkje ut til at du kan opne ei .eps/.ai med lag (layers) frå Illustrator i Inkscape utan at laga vert slått i saman. Dette gjelder også andre vegen. Pantone-fargar er noko eg ikkje har funne støtte for, og det er jo mindre bra om du får ein logo med slike spesialfargar inn for å justere. Redigering av eksisterande vektor-filer ser ut til å gå som smurt. Alle vektorpunkt vert behold i filer frå Illustrator om du opnar dei i Inkscape – og vice verca.

Inkscape er også avhengig av å verta køyrd gjennom X11 i OS X.

Scribus (alternativ til InDesign)

Scribus

Det er sikkert ikkje mange som brukar InDesign rundt omkring, men eg slenger likevel med eit ombrekkingsprogram i min litle «minitest». Brukar du Microsoft sin Publisher bør du fylgje ekstra godt med, for dette er eit program som gjør den jobben raskare, betre og utan at du måtte få eit rart blikk av trykkeriet du sender din 40 siders brosjyre om «Jakt og fritid»…

Scribus er ganske enkelt, men det er potensielt avansert. Du kan bruke dette programmet i staden for Word til dei daglege notatane til kollegaer og venner, eller drive å brekke om eit heilt magasin med tekst, avansert grafikk og bileter. Dette er fordi Scribus også har støtte for meir avansert fargestyring, på lik linje som Photoshop, InDesign – og Gimp. Det er mogleg du bør installere Ghostscript om du sit på OS X. Dette forbetrar visning, import og utskrift av EPS/PDF.

Scribus har også norsk språkpakke forhandsinstallert.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.