Knask på ein fredag: September

Mens me er inne på nynorsk: Eg har innimellom blitt oppmerksom på bruk av feil nynorske ord og uttrykk. Eg takkar sjølvsagt for dette, og ber fortsatt om at du gir meg ein lyd dersom du skulle snuble over noko i alle mine innlegg! Nok viktigprat. Move along, kid!

Retro er det nye moderne

Det er mange nettstader der ute som arbeidar for å sjå ut som at dei er tekno­logien sjølv, med reine linjer, neon-glow og eit saman­surium av effekter. Andre har eit reint uttrykk som følgjer normen innan moderne nettstader. Til slutt har me dei som går tilbake i tid og gjennom­fører designet som om me skulle befinne oss i ein annan tidsalder. Sjekk ut denne artik­kelen for inspi­rasjon til nettstader med retro-design!

Apple er meir verd enn...

Det nærmar seg tida då Apple visst nok skal lansere ein ny stor tekno­logi­dings. Kva passar ikkje betre i desse tider då enn bloggen som fortel deg kva dette selskapet er meir verdt enn alle fotballaga i USA, den totale økonomien i Singapore eller den kinesiske mur (om ein skulle rekne i pris per stein)? Ingenting vil eg sei...

Er du høgre eller venstre halvdel av hjernen?

Mercedes har laga til ein serie av fargerike og inter­es­sante kampanje­an­nonser for bruken av hjernen. Enkelt og greitt.

Foto frå kvardagen

Magnus og Cecilia likar å ta bileter. Det kan ein sjå om ein vitjar fotobloggen deira Typofont. Her legg dei ut bileter av dagleg­dagse ting, alt frå besøket til beste­for­eldrene til turen på stranda. Ta ein kikk!

Kvifor skal alt vere digitalt?

http://youtu.be/rJRiz9aSHFQ

Digitale medier, digitale platt­formet, digital skule­kvardag og digitale reklame­pla­katar. Det meste skal visst vere digitalt i desse dagar. Sikkert fordi det er mogleg, og kanskje er det kostnads­ef­fektivt også. Newcaste Brown Ale derimot, gav to «skugge»-artistar fridomen til å lage eit reklame­banner for ølbryg­garen. Resultatet? Etter at fleire tusen flaske­korkar var satt saman og opplyst av ei enkelt lyskilde, vart resul­tatet kunst på høgt plan! Sjekk den digitale videoen over for å sjå resul­tatet av det analoget banneret...

Ikon for den profe­sjo­nelle

Eg har mange gongar leita etter brukbare ikoner til bruk i mine kreative syslar, men som oftast kjem eg til kort då mange av dei ikkje er i vektor. Det kan eg kanskje sjå enden på no, ettersom Tuts+ har samla 60 ikonpakkar med vektorikon. Snadder!