Ei utruleg bra bok

Andreas Gravdal skriv i denne boka at ein ikkje skal blogge om kva ein spiste til frukost eller kva lipgloss ein har på seg. Eg vel likevel å skrive om at eg har lese ei bok. Hans bok. Eg trur det er i orden.

Skulle gjerne hatt denne liggjande klar på nattbordet 5. september, dagen den vart utgjeve, men myntane frå lønninga var viden faren for lengst. Fekk den i posten for over ei veke sidan, men kona kom meg i forkjøpet på å lese gjennom den. Det var fyrst i går eg fekk sjans til å pløye gjennom denne vesle gule boka.

Eg har skrive om Andreas Gravdal tidlegare, om hans føredrag med fokus på identitet og sjølvbilete i ungdomskulturen. No har han altså samla mange av dei viktigaste spørsmåla ein kan, og bør, stilla seg sjølv her i livet mellom to permar. Resultat: Ei utruleg bra bok for unge folk. På spørsmål frå NRK om val av tittel, svara han enkelt og greit at han hadde lyst å skrive ei utruleg bra bok, og kalle den deretter.

Eg satte av eit par timar for å lese gjennom boka. Eg trengte berre 45 minutt så var eg ferdig — fyrste gong. Det som slår meg ganske raskt er at denne er lettlest, både med tanke på oppsett men også på måten forfattaren skriv på.

Eg leste den atter ein gong. Budskapet var like enkelt å få med seg denne gongen også. Og det er jo bra, i og med at det handlar om deg. Ikkje om kven du vil vere, men kven du faktisk er.

For kort å oppsummere det skrivne innhaldet, siterar eg Andreas sjølv:

Lite fiksfaks, mest sunt bondevett.

For å oppsummere endå kortare, og kanskje setje alt på spissen, handlar den rett og slett om:

Livet.

Store greier dette, men han har, som nemnt, klart å gjere spørmåla om denne vitale delen ganske lett tilgjengeleg for alle. Sjølv om tittelen på boka seier at den er utroleg bra for unge folk, er dette ei bok alle burde lese. Den er rikt illustrert og inneheld mange fiffige døme på både det eine og det andre.

Eg kastar ikkje terningar, men eg kan sterkt råda andre til å lese denne boka. Tittelen held det den lovar.

Sjekk ut og kjøp boka på her!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.