Knask på ein fredag, veke 5

Eg stilte eit kort og enkelt spør­mål på the unborn chikken si «fan­side» på Face­book om eg burde starte å ha knask til deg kvar fredag. Respon­sen var ikkje enorm, men nok til at eg over­ta­la meg sjølv til å gje deg det som veka byr på av fif­fige ting eg finn på net­tet. Eg får stupe i det!

Yaron Schoen

Eit ord: Lekkert! Nettstaden til Yaron Schoen er rett og slett ei fryd å sjå på og nav­igere seg gjen­nom. Som han sjølv seier, så kan det kan­skje kallast for magi det han lager, for flott er det! Denne sida er herved satt som bok­merke i knask-map­pa mi.

Work-killer

Det kan hende sje­fen min ser dette, men her kjem ei anbe­fal­ing på dagar med lite gje­vande arbei­de. Work-killer er ikkje ei fan­cy-smashy des­igna nett­side, men rett og slett ei side der du finn artige his­to­ri­ar og bilete frå det daglege som gjer livet litt lysare!

WordPress-snop

Myk­je bra kan seiast om Word­Press. Designet på admin­is­trasjons­de­len er ein ting eg likar ganske så godt. Det er enkelt, gre­it og intu­itivt. Om du er den som ynskjer å foran­dre på dette, kan 1st Web­de­sign­er hjepe deg på veg her. I dette inn­legget kan du lese meir innstik­ka du kan trenge for å få det meir etter din smak.

Stefan Velthuys

Kom inn på denne sida via ei lenkje på twit­ter som sa at denne man­nen hyl­la alle som nyt­ta mod­erne net­tle­sarar. Eg tenk­te at designet her måtte vere over mid­dels, og eg fekk rett. Ste­fan Velthuys har ei særs god og delikat nett­side! Om du ikkje likar at den er blå, kan du alltids skifte farge til grønn, bur­gun­der eller lil­la!

Andreas Gravdal

Dette er nettsi­da til ein kam­er­at av meg, Andreas Grav­dal. Denne fyren har lang fart­stid som fore­dragshal­dar, og star­ta ved årsskiftet «eit slags kom­mu­nikasjons­byrå» der han står på eigne bein og tilbyr seg å halde fore­drag med fokus på iden­titet og sjølv­bilete  i ung­dom­skul­turen. Ein meget flink fyr med vik­tige spørsmål og bon­de­vett!

Ikoner/skrifter

Sjølv om knas­ket kjem med raskare frekvens er det ikkje til å unngå å få med nokre ikon og skrifter på kjøpet. Eller ordet «kjøpe» er kan­skje feil å bruke i og med at alt eg lis­tar opp her er gratis…

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: