Verda i svart og kvit

Då eg var liten var eg overbevist om at heile verda var svart og kvit i gamle dagar. Det måtte den jo vere sidan alle bileter var utan fargar. Etterkvart skjønte eg jo at dette ikkje stemte, men fotografier i svart og kvit er fortsatt fascinerande for meg — og mange andre.

Ein av desse er Sjurd Skutlaberg. Eg har ikkje lete fotografen i meg utfalda seg skikkeleg dei siste åra, men det har definitivt denne karen. Sjurd er ein god ven av meg, og valet av fotograf var relativt enkelt då kona og eg gifta oss for eit par år sidan. Eg vart kjent med han då me arbeida saman i Bergen, der me frå dag ein sat og fortalde tørre vitsar og snakka om dei små og litt større tinga i livet.

Låg standard på boblebadet på denne hytta i Nojiri, Japan.

I tillegg til å vere ei kreativ sjel innan humor og grafisk design, har han vist at han har mykje variert å by på innan fotografering. Han har blant anna drive med nålauge-fotografi saman med Antonio Stasi i Bergen, før han no har starta ein ny fotoblogg — med bileter i svart og kvitt.

Den gamle mannen og hunden sin i Paris, Frankrike.

Sidan han har budd mykje av livet i Japan er bloggen kraftig inspirert av dette i motiva hans. Sjekk innom for inntrykk av verda, slik han ser dei i svart og kvitt!

4 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.