Knask på ein fredag: August

Tid­sklem­ma kom over meg nok ein gong denne veka. Eg plar ha klart knas­ket i god tid før pub­lis­er­ing, men denne gong gjekk det rett og slett i gløymebo­ka… Innhalds­meng­da ber preg av dette, men forhåpentlegvis fell det i god smak likev­el!

Tidenes opprydningsarbeid?

Me hugsar kan­skje alt­for godt tsunamien som råka Japan tidle­gare i år. Det me sit best att med er min­net om dei totalt øyde­lagde byane. No, eit drøyt halvår etter,heilt annleis ut der nede. Det nasjonale oppryd­ningsar­bei­det er ikkje noko tull! Sjekk ut den fan­tastiske før/et­ter-bilet­se­rien som Dag­bladet har delt med oss!

Blitzregn

Kva gjer ein om ein har 250 Canon 60D-kam­er­aer, inkl. blitz, ein god del tolmod og over­flod av tid? Jo, ein koplar dei saman for å fun­gere som eit lysshow/bakteppe i ein musikkvideo, vel!

Iconmania

Her er nokre sett med ikon på ein fredag. Kan­skje ikkje i bøt­ter og spann som eg ytra i ingressen, men det skal nok vere nok til mange typar pros­jekt. Det er ei bland­ing av ikon både som er gratis eller kjø­past til ein slant eller to.

Skewed Icons

Srin Icon Set

Wooden Social Icons

Plastique Icons

Simplito Social Icon Set

Ha ein fort­satt fin fredag og ei strå­lande helg!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: