Ein ny start — på mange måtar

Eg har lenge lurt på om eg skulle skifte ut designet på bloggen min. Som regel går det myk­je tid på å prøve å finne det rette uttrykket, og som oftast går det meste i boss­byt­ta før det har sett dagens lys. Designet du ser no vart eit unnatak på alle måtar. Det vart satt saman i løpet av eit par korte, men effek­tive dagar foran PC-en. Utkast 12 av ver­sjon 10 av the unborn chikken er ein realitet!

Typografimanien tek overhand

Som ein tilheng­jar av god typografi skal eg gjere eit forsøk på å gjen­nom­føre det på mi eiga side. Eg star­tar difor med blanke ark og tilnær­ma ingen grafiske ele­menter i designet mitt. Om det feil­er eller vert ein suk­sess er det nok ingen som veit. Det som er sikkert er at det er mange grep som må til for å få den nær per­fekt. Heilt per­fekt får per­fek­sjon­is­ter som meg det aldri…

Dette eit eit alt­så eit pros­jekt som ikkje er heilt fer­dig. På lik lin­je som det Mia Holte har gåande på si side, skal bloggen og designet stadig utvikle seg frå dag til dag. Gjerne til noko betre, sjølvsagt. Til dette treng eg abso­lutt di tilbakemeld­ing, så skyt ut i kom­men­tar­fel­tet under!

Fokus på betre og fleirspråkleg innhald

Ikkje det at eg sjølv mein­er eg skriv dår­leg, men eg skal prøve å tileigne meg eit betre nynorsk språk og fokusere kraftig på tek­stane eg skriv. Eg skyt meg sikker sjølv i foten ved å seie det, men litt må eg jo klare å yte!

Eg ser også at det er ein høgare andel av ikkje-norskle­sande men­nesker som vit­jar bloggen min. Dette kan eg ikkje berre la gå hus for­bi. Majoriteten der ute er jo frå andre land enn vesle Noreg. Min kunnskap om engel­sk strekk seg ikkje alt­for langt, så eg ar val­gt å berre opp­sum­mere kort kvart inn­legg på dette litt meir inter­nasjonale språket. Håpet er at dette kan­skje kan trekke fleire besøk­jande frå andre delar av ver­da!

Det er ikkje alle sak­er som er opp­sum­mert på engel­sk endå, men det kjem plut­se­leg!

«Pappa, pappa! Eg er ferdiiig!»

Eg har vorten pap­pa for fyrste gong, og frasen over kjem nok sikkert fort­are enn eg anar. At eg har vorten pap­pa betyr nok meir fokus på fam­i­lien i den næraste tida. Dette får meg kan­skje til å sjå annleis på ting, og det kan gjen­speile det eg skriv om her på bloggen min. Eg skal ikkje slutte å skrive om typografi, grafisk design og det som er aktuelt innan design på vev, men du skal ikkje sjå vekk i frå at det eg skriv om kan innehalde ganske klare prefer­ansar til pap­parollen. Eg ber på føre­hand om orsak for dette.

Dot­ter mi, Oline, kom til ver­da 24. juni 2010, tre måned­er for tid­leg. Ho var ikkje store jen­ta, berre 35 cm lang og vog 810 gram. Til tross for den min­i­male stor­leiken er ho sterk som ein okse og veks stadig! Følg gjerne med på bloggen til kona mi og meg for opp­da­teringar på denne fron­ten!

Sluttord

Som nem­nt er både bloggen og designet i stadig utvikling, og set pris på alle tilbakemeldin­gane eg kan få! Ha ein fortr­e­f­fe­leg dag vidare.