Font Bureau: Webtype

For dei av dykk som byrjar å gå lei av å måtte nytte standardskrifter i designet av ei nettside, berre for å blidgjere alle typer nettlesarar og operativsystem, kan eg i dag tipse om nok ein lovande skrifterstatter på veven: Webtype.

Webtype er, på lik linje med Typekit og Google Font Directory, ei teneste for å nytte skrifter på veven som du ikkje kan få til utan at brukaren sjølv har den aktuelle skrifta installert på sin datamaskin. Bak dette nye prosjektet, lansert 17. august, står Font Bureau saman med Ascender Corp.

Alt godt i livet er gratis, eller?

Både Webtype og Typekit er til ei viss grad ei teneste man må betale for å få full tilgong til alle skriftene i deira bibliotek. Den største forskjellen mellom desse to er at Webtype er basert på pris per besøkjande eller utifrå båndbreidda du har på nettstaden din.

Ein av fordelane som vert trekt fram er at det er mogleg å bla gjennom kategoriar basert på storleiken dei skal nyttast i. Bla deg gjennom katalogen deira for å sjå dette i praksis.

Men…?

Det er ikkje noko særleg å utsetje på denne tenesta, den virker enkel og grei i bruk: Du finn den skrifta du ynskjer å nytte, legg den i handlekurven og definerer kva for side/prosjekt den skal nyttast på. Du får ein liten kodesnutt du skal leggje inn, og voilà så har nettstaden din fått nytt ansikt.

Det er også full støtte for skriftene på f.eks. iPhone eller iPad for dei som måtte lure på det.

Anbefalt?

Prinsippa for alle desse tre typane eg har nemnt over er i utgongspunktet likt. Det er utvalget som skijler dei i det store og det heile — og det du ynskjer å betale for. Om du føler Google Font Directory ikkje klarar å dekkje ditt behov er det absolutt verdt eit forsøk eller tre. Som i butikken på hjørna har du her 30-dagars full returrett — eller prøveperiode om du vil øydeleggje ordspelet…

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.