Font Bureau: Webtype

For dei av dykk som byr­jar å gå lei av å måtte nytte stan­dard­skrifter i designet av ei nett­side, berre for å blidg­jere alle typer net­tle­sarar og oper­a­tivsys­tem, kan eg i dag tipse om nok ein lovande skrifter­stat­ter på veven: Web­type.

Arial og Times; takk for innsatsen!

Type­kit er tidle­gare omta­la her hjå meg som ein tilby­dar av skrifter du kan nytte på nett ved hjelp av ein enkelt kode. No har dei prei­ka litt med min ven Google, og i går kom Type­kit med ein rel­a­tivt grei nyheit med tanke på betre typografi på net­tet.

Konsentrasjon kring søk og typografi

Det dukkar stadig opp niftige app­likasjonar på net­tet (ned­last­bare eller online) som gjer kvarda­gen enklare og meir pro­duk­tiv. Spez­i­fy, Con­cen­trate og Type­dia er tre slike app­likasjonar, men på kvar sin unike måte.