Konsentrasjon kring søk og typografi

Applikasjoner

Det dukkar stadig opp niftige app­likasjonar på net­tet (ned­last­bare eller online) som gjer kvarda­gen enklare og meir pro­duk­tiv. Spez­i­fy, Con­cen­trate og Type­dia er tre slike app­likasjonar, men på kvar sin unike måte.

Spezify

Spezify

Dette er eigent­leg ein søk­je­mo­tor, men i forhold til f.eks. Google er Spez­i­fy myk­je meir visuell. Resul­ta­ta som dukkar opp etter søk er små snut­tar av infor­masjon i form av ei over­skrift og brødtekst og reine bilet­fil­er. Når du trykker på resul­ta­ta får du infor­masjon om kvar resul­tatet er hen­ta frå og større utgåve av f.eks bileter Spez­i­fy finn.

Concentrate

Concentrate

Con­cen­trate er ein grei liten app­likasjon som skal få deg til å kon­sen­trere deg om arbei­det ditt. Du kan stille den inn til å opne/stenge pro­gram­mer, nettsider eller skifte skrive­bor­ds­bak­grunn utan nem­n­everdig innsats frå di side. Om du har ein lei ten­dens til å gå inn på sider som Face­book, YouTube eller andre sider som ikkje akku­rat får deg til å kon­sen­trere deg om arbei­det, kan du via Con­cen­trate blokkere tilgo­ngen til desse sidene. Om dette i prak­tisk er ein bra greie, eller gag­nar til frus­trasjon er usikkert, men eg meinar at det kan­skje har ein grunnstein som eg mein­er kan funke. Dei av dykk som sit på Win­dows må belage dykk på at kon­sen­trasjo­nen må hal­dast i sjakk manuelt, Con­cen­trate finnes per i dag kun til dei som har ein Mac.

Typekit

Typekit

Type­kit er foreløpig berre tilgjen­ge­leg for reg­istr­erte og inviterte, noko ala måten man får prøvd Spo­ti­fy. Så til poenget. Denne ten­es­ta er genial om du driv med vevde­sign og f.eks. ynskjer ei spe­siell skrift i over­skrifter. Du kan seie at ten­es­ta erstat­tar bileter­stat­snings­d­ingse­bom­sar av typen sIFR og cúfon som begge kan vere litt uhandter­lege, litt knot med å installere og tunge i bruk. For å få Type­kit til å fun­gere trengs kun to lin­jer med kode inn, og litt leit­ing i deira store skrift­bib­liotek. Du får eit min­dre utvalg ved gratis prøve­bruk, men det vert større og større til meir du betalar.

Eg har fem invi­tasjonar om nokre vil ha det, sjølv om eg trur det kan­skje er likegre­itt å berre skrive inn e‑posten sin på sida og vente på at du kan logge deg inn. For meg tok det tre veker.

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!