Ein ny start — på mange måtar

Eg har lenge lurt på om eg skulle skifte ut designet på bloggen min. Som regel går det mykje tid på å prøve å finne det rette uttrykket, og som regel går det meste i bossbytta før det har sett dagens lys. Designet du ser no vart eit unnatak på alle måtar. Det vart satt saman i løpet av eit par korte, men effektive dagar foran PC-en. Utkast 12 av versjon 10 av the unborn chikken er ein realitet!

Eg har lenge lurt på om eg skulle skifte ut designet på bloggen min. Som regel går det mykje tid på å prøve å finne det rette uttrykket, og som oftast går det meste i bossbytta før det har sett dagens lys. Designet du ser no vart eit unnatak på alle måtar. Det vart satt saman i løpet av eit par korte, men effektive dagar foran PC-en. Utkast 12 av versjon 10 av the unborn chikken er ein realitet!

Typografimanien tek overhand

Som ein tilhengjar av god typografi skal eg gjere eit forsøk på å gjennomføre det på mi eiga side. Eg startar difor med blanke ark og tilnærma ingen grafiske elementer i designet mitt. Om det feiler eller vert ein suksess er det nok ingen som veit. Det som er sikkert er at det er mange grep som må til for å få den nær perfekt. Heilt perfekt får perfeksjonister som meg det aldri…

Dette eit eit altså eit prosjekt som ikkje er heilt ferdig. På lik linje som det Mia Holte har gåande på si side, skal bloggen og designet stadig utvikle seg frå dag til dag. Gjerne til noko betre, sjølvsagt. Til dette treng eg absolutt di tilbakemelding, så skyt ut i kommentarfeltet under!

Fokus på betre og fleirspråkleg innhald

Ikkje det at eg sjølv meiner eg skriv dårleg, men eg skal prøve å tileigne meg eit betre nynorsk språk og fokusere kraftig på tekstane eg skriv. Eg skyt meg sikker sjølv i foten ved å seie det, men litt må eg jo klare å yte!

Eg ser også at det er ein høgare andel av ikkje-norsklesande mennesker som vitjar bloggen min. Dette kan eg ikkje berre la gå hus forbi. Majoriteten der ute er jo frå andre land enn vesle Noreg. Min kunnskap om engelsk strekk seg ikkje altfor langt, så eg ar valgt å berre oppsummere kort kvart innlegg på dette litt meir internasjonale språket. Håpet er at dette kanskje kan trekke fleire besøkjande frå andre delar av verda!

Det er ikkje alle saker som er oppsummert på engelsk endå, men det kjem plutseleg!

«Pappa, pappa! Eg er ferdiiig!»

Eg har vorten pappa for fyrste gong, og frasen over kjem nok sikkert fortare enn eg anar. At eg har vorten pappa betyr nok meir fokus på familien i den næraste tida. Dette får meg kanskje til å sjå annleis på ting, og det kan gjenspeile det eg skriv om her på bloggen min. Eg skal ikkje slutte å skrive om typografi, grafisk design og det som er aktuelt innan design på vev, men du skal ikkje sjå vekk i frå at det eg skriv om kan innehalde ganske klare preferansar til papparollen. Eg ber på førehand om orsak for dette.

Dotter mi, Oline, kom til verda 24. juni 2010, tre måneder for tidleg. Ho var ikkje store jenta, berre 35 cm lang og vog 810 gram. Til tross for den minimale storleiken er ho sterk som ein okse og veks stadig! Følg gjerne med på bloggen til kona mi og meg for oppdateringar på denne fronten!

Sluttord

Som nemnt er både bloggen og designet i stadig utvikling, og set pris på alle tilbakemeldingane eg kan få! Ha ein fortreffeleg dag vidare.

9 Comments

Wow. Det ble herlig.

Trenger ikke akkurat liste opp alt jeg liker – det er ganske mye (og jeg har jo fortalt deg en del «offline»). Men en liten detalj; i «hovudpost» på forsiden bruker du text-shadow. Dette er et sabla bra eksempel på hvordan det skal brukes riktig, etter min mening, i disse tider hvor alle fråtser uhemmet i text-shadow.

Gleder meg til fortsettelsen. :)

På én måte er det jo greit at det er delingsikoner i samme stil – f.eks. fra et ikonsett à la «Handycons» (ikke at de forøvrig er noe som passer i din design).

Skjønt, på en annen side har jo både Facebook og Twitter fått egne buttons – som selvsagt kan tilpasses litt – og jeg har på følelsen at disse er mer attraktive … men gudene vet. ;)

Har allereie dei to på plakaten, men er det fleire eg bør ha med som delingsmoglegheit? Jobbar med ein lekrare kommentar-ting som kanskje kan spiffast opp med andre fiffige løysingar skjønner du…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.