Espen M. Kvalheims forundringar i eit eggeskall

Typografi-geek, eg? Mogeleg…

For dei av dykk som kjenner meg veit at eg er særs oppteken av typografi. I mitt daglege verke som mediegrafikar arbeidar eg for at informasjon skal kome fram på ein god måte ved hjelp av vakker typografi.

Sidan eg gjekk på barneskulen har eg hatt ei interesse for tekst. Då eg kom såpass langt at eg måtte velge kva veg eg ville gå yrkesmessig var det ein jamn kamp mellom journalistyrket og det å verta ein mediegrafikar — eller typograf som det heitte før. Det vart sistnemnte.

I dette yrket har interessa for alt innan design og særleg typografi steget til nye høgder. Eg investerte i High-Logic sitt Font Creator Program i 2001 for å skape eigne typografiske uttrykk i form av skriftsnitt. Resultata kan du sjå i botnen av denne sida der eg har lagt ut alle mine skrifter til fri benytting av deg. Bruk dei på, og til, kva som helst på både det personlege og kommersielle plan. Det einaste eg ber om, er at dei vert solgt vidare, men slikt gjer man jo berre ikkje. Eller?

Om du vel å nytte ei eller fleire av skriftene mine, hadde det vore sabla koseleg å fått sett kva dei vert nytta til! Send meg gjerne ei lenkje, eit bilete eller eit produkt. Kan nemne at Gladatur Rum og Unintended allereie har vorte nytta i både data- og iPhone-spel. Reint fantastisk spør du meg! Sjekk også innom innlegga mine som innheld meir eller mindre stoff om emnet typografi. Ein del kjekke ressursar å finner der, skal du sjå!

Har du ei side eller eit produkt du gjerne vil dekorere med ein spesiell skrifttype eller eit anna typografisk snitt, kan eg sikkert hjelpe deg! Utfordringar er alltid skoi! Kontakt meg i såfall.

Summary in english:

In love with typography

I don't know what Google told you, but I'm quite addicted to everything typography. I have made several fonts, most of them are listed on this site.

All my fonts are free for personal and commercial use if nothing else is stated. You can download them by select the typefaces below or head over to dafont.com.

It would be fun to see what you people use them for, so please send me a link, image og product to me if you have the chance!


Denne seksjonen skal seinare utvidast til å ha meir utfyllande informasjon om dei enkelte skriftene. Det vert fett – håpar eg...

v 10 · 2002–2010
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan man få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Strict