Skostredet

Skostredet

Eg kunne ha skrive om ein vin, ein bil eller kva som helst eigent­leg, men val­gte i dag å fortel­ja om Skostre­det i Bergen. Denne litle smale gata, eller korte om du vil, som ligg i Vågs­bun­nen i Bergen. Denne er spe­siell året rundt, men i før­jul­sti­da byr den på ein stemn­ing du sjel­dan får andre plass­er.

Er du seint ute med julegåveinnkjø­pa, eller rett og slett ikkje har lyst å kjøpe noko som kan­skje nokon andre har kjøpt på ein meir kjent butikk, er dette gata du bør besøk­je. Med kles­bu­tikkar som T Michael (design­erklede), Tran­sit (her­rek­lede), Håk­ki (t-skjorter), Klesskapet (sec­ond­hand), Bar­rio og Boogaloo/Robot (klede/musikk/dingser) skal det myk­je til før du risik­er­er at man får to ting av same sort til jul.

Boogaloo/Robot

Om du ikkje er ute etter noko å dekk­ja til krop­pen med, kan du alltids stikke innom Bod­hi Beat Serviz (musikksjappe/elektronisk musikk), Kamel­one (ting/dingser), Hjem Kjære Hjem (inter­iør­for­ret­ning) eller Frimerke­huset (frimerker/antikviteter/bytte) for dei som måtte ynskje det. Om du kranglar med data­mask­i­nen din, ja då kan dykk dra til Zoex (data sup­port) for å ordne opp i gemyt­tane…

Ali kurerer gruff…

Capello interiør

Usikker om det er Ali Kaf­fi dei selg på kaf­feane i Skostre­det, men det skal ikkje stå på vari­asjon i både inter­iør og utval når det kjem til kaf­fepausen. Capel­lo har gått for 50-talsstilen og gjen­nom­ført den til det fulle. Søtt+Salt ligg vegg i vegg og er eit mat­sel­skap som for­van­dler butikken deira om til ein intim restau­rant på kvelden. Om 50-talsstilen ikkje pas­sar deg, eller du ikkje lik­er nymotens restau­rant, då kan du stikke til naboen ikkje så langt ned i gata for ein kopp kaf­fi — Skostre­det Kaf­febar.

Østre Skostredet

I enden av Skostre­det finn du ei stikkgate med fleire inter­es­sante rom. Lydgal­leri­et pre­sen­ter­er lyd som utstill­inger i nyop­pret­ta lokaler i denne gata. Vis-a-vis ligg Gal­leri Vox som vis­er varierande utstill­ingar og huser verk­st­ed til 15 kun­st­nere. Fotograf Hanne Sol­heim held også til i denne gata, og kan hjelpe deg med portret­tfo­tografer­ing. Om ikkje dette skulle dekkje ditt behov, kan du la Co Pilot Feber Film (design/kommunikasjon/film) ta hand om både lyd og bilete for å danne den ulti­mate opplevelsen av beveg­elege bileter.

Eigen nettstad

Som Bergens kan­skje kosle­gaste gate, har den jo sjølvsagt også ein eigen nettstad. Her kan du sjå bilete frå gata, lokaler og føl­gje med på arrange­ment som finn stad i desse gatene (Østre Skostredet/Skostredet). I til­legg kan du sjølvsagt lese meir om dei forskjel­lige butikkane og fir­maene som held til her.