Ta deg tid

Det nærmar seg nokre herlege fridagar no i påska og vêrmeldinga ser ikkje så aller verst ut den heller. Uanskvett om du endar opp med å ta ferien på fjellet eller på sjøen, er det viktig å ta seg tid. Tid til dei som betyr noko.

Vår vesle familie har opplevd og erfart store ting det siste året, men det er ein ting som står att som det viktigaste, nemleg det å ta seg tid. No skal ikkje eg vere den med peikefingeren høgt heva og rettleie deg i kva som er rett og gale, men eg tenkte eg ville dele nokre få viktige ord før dei gule påskekjuklingane tek heilt overhand.

Oline sine fyrste avtrykk

Etter fleire rundar med uforståelege skjema og stat, har eg fått bekrefte at eg ikkje får utdelt min fedrekvote likevel. Diverre er dagens system bygd opp slik at fedre som har arbeida i sju lange og sju breie, er totalt avhengig av den andre part om ein skal ha rett på å vere med bornet deira i lengre periodar dei fyrste leveåra. Eg føler meg likevel heldig; I motsetnad til mange andre nybakte foreldre fekk eg sjansen til å vere saman med både mor og born dei tre fyrste månadane. Eg trur denne tida har vore viktig for meg og dotter mi.

Når me er inne på borna, vårt viktigaste bindemiddel til framtida, er det ei historie som har sett seg fast i hjarta mitt. Audun Lade Sæther har delt ei historie han fekk inn på e-post, som viser litt, om ikkje veldig godt, kva retning verda er på veg i dag. Då eg leste den i sommar etter Oline kom til verda, kjente eg at eit av mine viktigaste mål skal vere å bruke så mykje tid som mogleg på ho og hennar behov.

Sola er klar, er du?

Sola er i følgje YR og Storm relativt klar (men, ein veit jo aldri) til å gi deg både solstikk og gjere deg snøblind. Uanskvett kor du er, ta deg tid i påska — anten det er på vegen, i bakken eller i sofaen når du spelar brettspel saman med dei minste. God påske!

For dei som fortsatt måtte lure: Nei, det vert ikkje noko plateslepp i dag…

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.