Fokus på fotografi

For å fange eit godt motiv må du anten vere vak­en og tolmodig, eller som meg; rett og slett ha ein god porsjon flaks. Uan­skvett er det mange uttrykks­fulle bileter der ute, og i dag pre­sen­ter­ar eg eit knippe inspi­rasjon­skjelder til deg:

Kjære fotograf

I til­legg til sider som vis­er fleire mek­tige menn som ser på ting er Dear Pho­to­graph eit friskt pust med ein fin tanke og idé i ryggen: Ta eit bilete i noti­da av eit bilete frå for­ti­da. Kan­skje du også har noko å bidra med?

Fotohistorie i RGB

Ole Mar­tin Kris­tiansen er ein sabla dyk­tig grafisk design­er som driv med myk­je spen­nande. Han pub­lis­er­ar, etter mi mein­ing, ein av dei beste foto­blog­gane på net­tet. I til­legg til å ha eit orig­inalt namn, har bile­ta han pre­sen­ter­ar fine far­gar (når dei ikkje er i svart og kvitt, sjølvsagt), fine motiv, syl­skarp fokus og ikkje minst ei his­to­rie å fortel­ja. Dette gjer gjer det til ei sann glede å bla gjen­nom dei!

Tidsintervallfotografering

Eg har sjølv nyt­ta denne teknikken myk­je i mine små snut­tar frå oppussin­ga av huset vårt. Chris-Håvard Berge har der­i­mot teke det nokre steg vidare og sam­stun­des fork­lart til punkt og prikke kor­leis du sjølv kan lage fan­tastiske videoar ved hjelp av tidsin­ter­vall­fo­tografer­ing (time-lapse om du ikkje likar nye norske ord). Sjekk ein av hans snut­tar av Bergen under:

Å ta det litt lengre

Til slutt vil eg berre dele ein kort video med nokre entu­si­astiske fotogra­far som kan­skje drar utsag­net «shoot a pic­ture» litt lengre enn den van­lege man­nen i gata. Du veit, han med kom­pak­tkam­er­aet…

Skyt fyrst, fokuser etterpå

Er du ein av dei som trur du har fan­ga det ulti­mate motivet med per­fekt lys­set­ting og fan­tastiske far­gar, men som vis­er seg å ha heilt feil fokus­punkt? Då kan du glede deg over nyvin­ninga Lytro har pre­sen­tert: Fotografer fyrst, still fokus­punk­tet i etterkant. Det hjelper kan­skje lite på bileter du allereie har teke, men framti­da ser lys ut i alle fall!

Test sjølv ved å klikke der du vil ha fokus­punk­tet i biletet under, eller sjekk ut bilet­gal­leri­et deira her.

Tid for leik!

Ta med deg kam­er­aet ditt og leik med motiv og far­gar! Har du også nokre sider med bileter å anbe­fale, eller blinkskot du vil vise? Legg att nokre ord i kom­men­tar­felt under. Ha ei ellers god helg!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: