Knask på ein fredag: Juni

Litt lettare bland­ing av niftige løysin­gar og kreativ bruk av tid er det eg kan til­by deg i dag. Finn fram ein kopp kaf­fi og nyt den sam­stun­des som du les gjen­nom knas­ket!

Lite golvplass?

LEGO er eg som kjend ein stor tilheng­jar av, og noko slik som dette kunne eg glatt ha sjølv heime! Det er ikkje sikkert at denne for­men for veg­g­pryd fjernar alle LEGO-klos­sar frå gol­vet, men det opnar i alle fall opp for kreativitet ein kan­skje ikkje vis­ste om!

Ein planke her, og ein planke der…

Det er tydlegvis vorten ei greie å leg­gje seg ein planke på dei raraste plas­sar, men fol­ka bak 5‑Second Films har ei rask, og smerte­full, mein­ing om akku­rat denne greia.

Kva gjer du om du har litt ekstra tid til overs?

Når me fyrst er inne på film, kan me jo alltids ta ein til. Litt har­ry reklame frå Europ­car dette her, men den får deg i alle fall til å dra på smile­ban­det. Slike rekla­mar kan ein like! Eit kort innslag med plank­ing har dei visst også fått plass til også (ca 47 sekund ut i videoen)…

Når Lorem Ipsum mangler kjøtt på beina

Er du av mi rase som ofte treng fyll­tekst i eit utkast til design, men som ikkje har tid, og lyst, til å dik­te opp ein roman? Lei av den klas­siske Lorem Ipsum-tek­sten også? Då kan eg pre­sen­tere klas­sikaren i ei utgåve med meir kjøtt på beina, nem­leg Bacon Ipsum. Smak­fullt!

Apple er religion. Eller?

The Week har ei sam­ling av teik­ne­se­ri­ar der gigan­ten Apple har ei rel­a­tivt stor rolle i innhaldet. Er Apple ein reli­gion og er ver­da vorten betre med dei? Kan­skje no etter dei fekk paten­tet sitt gjen­nom, men artig lesning er desse stripene uan­skvett!

Plastic fantastic!

Etter ein kort pause i serveringa av ikon­er til deg, kan du no laste ned dette fan­tastiske set­tet med ikon­er, inspir­ert frå 1920- og 1930-talet. Gratis er det også!

God sommar!

Som ei avs­lut­ning på dagens knask vil eg berre få ynskje mine fine lesarar ei rik­tig god helg og ein rik­tig god som­mar! Årets var­maste tips (og tør­raste vits): Bruk solkrem — det hin­drar folk i å ta feil av deg og ei tomat…

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: