Knask på ein fredag, veke 8

Lei av å måke snø? Eg kan diverre ikkje garan­tere at det ikkje kjem meir dalande ned frå him­me­len, men kan trøste deg med at eg nok ein gong har sam­la ein del dig­i­talt knask til deg. Eg trur du kjem til å inneha fleire fak­ta, det vere seg nyt­tig og unyt­tig, etter du har sno­ka deg gjen­nom dagens spalte. Det er fredag!

Lær nye ting kvar dag

I julekalen­deren min i fjor skreiv eg om Espen Eid­snes og hans pros­jekt som omhand­la dette å leire ein ny ting kvar dag i løpet av 365 dagar. Learn Some­thing Every Day er eit lik­nande pros­jekt, men sett i stand av eit kreativt byrå kalla Young. På denne sida vert du pre­sen­tert for nye fak­ta kvar einaste dag, ved hjelp av ein kort tekst og tilhøyrande enkel grafikk. I til­legg tilbyr dei å trykke fak­taene på ei t-skjorte for deg.

Lei nye ting og ekte fakta?

Då kan sida False Facts inspirere deg i den andre ret­nin­gen. Her vert du også ved hjelp av enkel grafikk, primært skisse­blokk­teikningar, informert om falske fak­ta. Nok ei side for tør­rprat her alt­så…

Det enklaste er ofte det beste – men også det vanskligste…

Ynskjer du inspi­rasjon til å lage ei min­i­mal­is­tisk side, råder eg deg til å stikke innom denne artikke­len hjå Web­de­sign­er Depot. I til­legg til å få ein inn­føring i kva som er vik­tig for å få ei god side med minst mog­leg tekst og grafikk, finn du ein del snasne eksem­pler der!

Søvnig?

Er du levande opp­tatt av Adobe sin pro­gram­vare, men kon­stant er trøytt? Då har eg funne dei ideelle pro­duk­ta til deg! På nettstaden My Suite Stuff kan du nem­leg bestille put­er med trekk som ikonet til eitt eller fleire av dine favoritt CS-pro­gram. Du kan også få Tweet­ie-trekk om du har lyst på det også. Sov godt!

End Grain

Skreiv for ei tid tilbake om skrifter og ei side som omhand­la «let­ter­press». End Grain er ei slik side. Her kan du finne bileter, infor­masjon og diskusjonar rundt emnet. Dei har gjort seg føre med designet også!

Når me først er inne på temaet skrifter…

The Phuse har ein kort men niftig og infor­ma­tiv artikkel som omhand­lar det grunn­leg­g­jande innan skrifter og kva det er. For dei av dykk som likar å vite sånt.

Davis Arias

Dette er porte­føl­jen til David Arias (og hans kreative ven­er), ein frilans grafisk design­er med tilhaldsst­ed i OL-byen Van­cou­ver. På denne sida kan du finne alt frå pro­duk­t­de­sign til logode­sign og bedrift­spro­fi­ler­ing. Myk­je deilig design for alle og einkvar!

Maler til InDesign

Det er sjel­dan eg har noko knask som i større grad kan nyt­tast på trykk, men i dag slår eg til med ei side (eller rettare sagt 126 sider) med malar til Adobe InDe­sign; alt frå kalen­dere til bokoppsett. Stup i det!

Ikoner er jo ei fast greie på ein fredag…

God helg!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: