MacHeist er kjent for å tilby større eller mindre programvare til ein fantastisk pris nokre få gongar i året. No er det ein ny pakke som står for tur, nemleg MacHeist nanoBundle 2. Ah, me want!
Her får du MacJournal, RipIt, Clips, CoverScout, Flow, Tales of Monkey Island (spel) og RapidWeaver til ein verdi av nesten 2000 kr, til under 150 kr. 25 % av salget går også direkte til eit veldedig formål. Det er ein ganske grei deal, skal eg seie deg! Men du må vere raskt ute, for desse kampanjane varer kun få dagar, og det er berre ei veke att av det noverande tilbodet.
Tenkte eg ville informere deg, sånn tilfelle du ikkje hadde fått det med deg…