Er reklame ein uting?

father

Reklame­bran­sjen og det dei kjem opp med kan opp­fat­tast som både hardt, irriterande og unød­vendig, men etter mi mein­ing mot­seier eksem­pla som eg kjem med i dag dette ganske kraftig.

Morosame annonser

Pepsi Light

Kreative folk og kreative idear er vik­tige i reklame­bran­sjen. Det vis­es også att i utval­get Web­de­sign­er Depot har pluk­ka ut her.

Det finnes også mange gode TV-reklamer der ute, norske inklud­ert. Norsk Tip­ping sine er jo klas­sikarar å rekne. Under er ein frå Toy­ota. Ikkje den mest morosame, men likev­el eit artig avbrekk i ein ellers kjede­leg reklamepause:

«Mørke» annonser

Ovam: Clean Environment

I til­legg til å pre­sen­tere ei røys med morosame annonser, har også Web­de­sign­er Depot ein artikkel som omfat­tar litt «mørkare» annon­ser­ing. Sjå sjølv!

Kutt røyken

Stop Smoking

Det er vel mange av dei som ynskjer å stumpe røyken for godt, og kam­pan­jane på kor far­leg det er flo­r­erer der ute. Behance Net­work har lagt til ein serie med artige «Stump røyken»-kampanje. Verdt ein kikk!

Klassiske amerikanske annonser

Pepsi Golf

Kan­skje litt overkant av Pep­si-reklame her, men la oss ikkje henge oss opp i småt­ing. Dessu­tan drikk eg aldri Pep­si eller brus generelt… Poenget er at dei ser ut til å kunne lage gode reklamean­non­ser/-plakater på 1950-talet også. Word­Press Are­na har sam­la 50 av dei slik at me kan ver­ta inspir­ert. Om du vil sjå meir 50-tals grafikk/materiell, kan dei også anbe­fale nettst­edet Plan 59.

Å ha trua på reklame…

Stihl: 3 Year Guarantee

I Believe in Adver­tis­ing trur eg har nem­nt for deg før, men det er ei side som er verdt å nemne igjen. Her finn du ein salig sam­ling av gode annonser, TV-reklamer og andre kom­mu­nikasjon­s­mes­sigheitar. Sikkert eit nytt ord det siste der, men hos meg er alt lov.

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: