Eit bilete seier faktisk meir enn tusen ord

Sidan eg ikkje veit korleis eg skal introdusere dette innlegget, overlater eg det til biletet over og fotografane eg i dag presenterer. Dette er flinke folk!

Dave Hill - Adventure

Sidan eg ikkje veit korleis eg skal introdusere dette innlegget, overlater eg det til biletet over og fotografane eg i dag presenterer. Dette er flinke folk!

Rodney Smith

Rodney Smith

Rodney Smith er ein amerikansk fotograf med ein heilt spesiell stil på bileta sine. Eg vil seie den er klassisk, avansert enkel og med ein grei dose humor. Mange av bileta er liksom litt «Jaha, er det der mogleg?». Etter hans midtlivskrise då han var 28 år, ser han kun filmar siom er produsert før 1947.

Mannen har også gjeve ut mengder med bøker med meir eller mindre fotografisk innhald. Den siste har han kalla «The End». Den er trykt opp i kun 100 eksemplarar og er signert av Rodney Smith, og har ein fantastisk pris på $750… Tross prisen, er nok boka verdt å ha i bokhylla for dei som er interessert nok.

Dave Hill

Dave Hill

Nettsida til Dave Hill er ein skatt. Mannen frå San Diego klarte å få meg til å sitte i over ein halv time foran skjermen for å sjå på hans fantastiske bileter (som for det meste er HDR). I tillegg har han lagt ut videoar som viser korleis han jobbar for å få det uttrykket han ynskjer og kva arbeid som ligg bak mange av bileta.

Om du ikkje får nok av bileta og materiellet som han presenterar på sida si, då er bloggen hans verdt ein kikk! Betre bileter i ein blogg skal man leite lenge etter. Eg seier berre: LENGE!

Vee Speers

Vee Speers

Fann ikkje så mykje bilete på australske Vee Speers si heimeside, men ho har ein serie med bileter av barn som ho kallar for «The Birthday Party». Man får nesten frysningar når man ser på dei, stilen er av typen «lita jente med kjole og håret i fletter med eit blikk som kan dreper».

M. Scott Whitson

Scott Whitson

M. Scott Withson har eit «mørkare» uttrykk enn Dave Hill. Hos denne karen finn du bileter med mykje blod og gangstere; dei fleste i HDR-kvalitet. Han voks opp i South Jersey og Philadelphia noko som kanskje kan ha hatt innvirkning på nettopp dette. Gode bileter er det vertfall!

Flickr

Historia Del Tiempo

Flickr bugnar over av fantastiske bileter og dyktige fotografar. Mia Holte har skrive om nokre av dei som er verdt å få med seg. Enjoy!

Sjekk ellers ut kva bileter eg frå tid til annan legg ut på min Flickr-konto her. Ver merksam på at dei ikkje held same kvalitet som dei i resten av innlegget…

God helg alle saman!

2 Comments

Dave Hill har «behind the scenes»-videoer av photoshootsa – de bør sees! Ganske artig å se hvordan sluttresultatet blir i forhold til originalbildet/bildene.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.