Knask på ein fredag: Februar

Maven Pro

Startar friskt med ein skrifttype eg har funne fram til deg. Denne kan du laste ned og nytte slik du vil — heilt gratis. Maven Pro er elegant og lekker å sjå på i tillegg til at den gjer arbeidet enkelt for deg om du vil lage eit moderne uttrykk i ditt design! Reknar med det er heilt i orden?

Comic Sans Criminal

Eg skriv såpass mykje om Comic Sans her på nettsida mi at ein skulle tru eg elskar skrifta. For å vere heilt ærleg er det eit snev av sannheit i akkurat det; Eg elskar å mislike sterkt denne skrift­typen. Er du ein av dei som nyttar skrifta til noko anna enn i skriv retta mot barn? Ja, då er det ein viss fare for at du er ein Comic Sans-kriminell. Fortvil ikkje, redninga er her!

Fin skit

Design, reklame og kommu­ni­kasjon generelt kan alle vere uimot­ståeleg vakkert eller rett og slett drit du helst ikkje ville lete augo sjå. Nettstaden Pr*tty Sh*tty har teke ein frå kva kategori og presentert dei til alles spott og spe — eller for å saman­likne kva som funker og ikkje. Artig greie, eigentleg.

Effektivitet, effek­ti­vitet, effek­ti­vitet!

Det finst sikkert nokre der ute som er i same båt som meg når det kjem til hårmengde og må halde tritt med denne ved hjelp av barber­maskin, høvel eller anna fikst utstyr relativt ofte. I tillegg til at dette også tek eindel tid vert det alltid mykje rot og hårrei­sande restar etter prose­dyren. No ser det imidlertid ut som om at løysinga er her! Sjekk ut videoen over for den effektive nyvin­ninga!

Planetane våre

Nokon gong lurt på korleis dei andre planetane i solsys­temet vårt hadde sett ut frå jorda om dei hadde vore på same avstand som månen er frå vår frodige planet? Det har ikkje eg, men det var særs artig å sjå det i videoen over likevel! Ganske fengjande, faktisk.

Ikon og slikt

Eg såg at eg nemnte i førre knask at eg kanskje skulle presentere ikoner og slikt i den påføl­gjande veka. Eg meinte sjølvsagt månad... No er det faktisk neste månad og eg held oppe tradi­sjonen med ikoner — og noko attåt.

Krukka utan botn

Icon Jar er eit prosjekt der du kan kjøpe eit sett med ikon for $25 og få absolutt alle nye ikoner i pakka etter­sendt når dei er klar — utan ekstra kostnad!

Huset med dei rare knappane i

Kva med å samle alle typar knappar funne på nettet på ein plass? Det var ein god idé meinte Jason Long, og oppretta likegodt eit museum med presen­ta­sjonar av nettknappar funne hist og pist. Finfint!

LEGO-kanji

Sidan eg også har starta ein aldri så liten tradisjon på å vise LEGO i ein eller annan form, så må eg berre få vise deg dette fotoal­bumet på Flickr før me tek helg.

Folk er fine, og no er det helg!