Har val av skrift noko å bety?

For å skape ein reaksjon på ei forteljing trengs ei god historie. For at denne historia skal kunne lesast og formidlast til flest (og best) mogleg bør den presenterast med ei skrift som uttrykker det du vil få fram. Enklare er det ikkje — eller?

Comic Sans er ei fin skrift

Nokon leste nok denne overskrifta med ein klar tanke om at her skin ironien stjerneklårt gjennom. Det gjer den ikkje. Comic Sans i seg sjølv er ei fin skrift — men på sin heilt spesielle måte sjølvsagt. Skrifta er kanskje den beste å nytte til mitt eksempel på kva feilbruk kan gjere med inntrykket av ein god tekst.

Comic Sans har fått eit verkeleg hatstempel blant mange her på kloden, men har også sine tilhengjarar. Eg er tildels samd i argumenta mange av dei har mot at den bør forbys og bannlysast frå alle datamaskiner rundtom, men at steget for fjerning bør takast er å gå litt for langt meiner eg. Det er vel heller det at dei som nyttar denne skrifta bør få ein opplæring i når den faktisk bør nyttast.

Det som oftast er feilen blant folk er at dei nyttar Comic Sans til alt. I informasjonsskriv om viktige saker, oppslag om val og i eksamensoppgåver. Eg fekk her om dagen ein e-post frå Kreditorforeningen med informasjon om kva firma eg (bedriften) skulle halde seg unna satt med skrifta Comic Sans. Det osar ikkje akkurat av seriøsitet, gjer det?

Denne ansatte i eit velrenomert firma har nok lært si lekse…

Altså —

Jobbar du i barnehage, eller skal ut med informasjon retta mot born, er dette einaste riktige plassen man kan nytte Comic Sans utan å få eit skummelt blikk frå ein typografist.

Joda, sjølvsagt kan dei velje ei anna skriveskrift til dette bruket. Dei «beste» er nok ikkje gratis, men det er flust av dei som er gratis også. Man treng ikkje skyte barnehagetantene for det om, altså.

For dei som likar å få det inn med teskjei

Mitt poeng er at val av skrift bør gjerast med omhu. Eg har laga til eit eksempel under som viser korleis uttrykket til ordet «pusekatt» forandrar seg ved bruk av ei anna skrift.

Som du kan sjå er det ved hjelp av ei skriveskrift (kunne ha nytta Comic Sans her, men la oss no ikkje overdrive heller) vert det søte framheva. Nyttar me ei gotisk skrifttype vert plutseleg uttrykket hardslåande og kansje litt skummel.

Utifrå kva skrift teksten vert presentert med, gir den lesaren eit inntrykk av kva stemning forfattaren vil formidle. Velg difor skrifta med omhu!

Kva med Times (New Roman)?

Ja, kva skal man gjere med Times (New Roman)? Ikkje mykje. Man kan ha sine meiningar om denne skrifta, og eg har sjølvsagt mine. Om du skal skrive eit enkelt og raskt brev, i f.eks Word eller OpenOffice, er denne skrifta heilt kurant å nytte dersom planen er å skrive det ut.

På nett derimot er den ikkje så altfor god — det gjelder forsåvidt dei fleste antikvaskrifter med seriffer. VG Nett beviser dette fantastisk godt. Ikkje hjelper det at dei varierar storleiken på teksten i hytt og pine og ganske ofte i same setning heller. Av den grunnen, kall den gjerne enkel, besøker eg VG Nett særs sjeldan…

For dei som måtte lure: Ja, eg nyttar også ei skrift med seriffar på mi nettside. Må kanskje krype til korset og seie at det kanskje ikkje er ideelt, men skrifta Georgia har rett og slett meir sjel enn sin nabo og eg meinar den fungerer mykje betre på nett.

Så, eg skal bruke Helvetica?

Fordi folk (om du ser vekk i frå folka mannen bak denne nettstaden) roser den opp i skyene, meinar du? Vel, som sagt: Vel skrift med omhu til informasjonen eller uttrykket du vil ha fram med teksten din. Gjerne bruk Helvetica foran Arial, men det er flust av andre groteske skrifter som gjer jobben betre og med meir «personlegheit». Stikk gjerne innom databasen til dafont.com.

Lesbarheita spelar også ei stor rolle

Lesbarheita og val av skrift er to element som går hand i hand. Utan ei god/passande skrift vert ikkje teksten særleg lesbar. I mitt yrke ser eg mykje bra design, men ofte druknar viktig informasjon i eit hav av grafiske dippedutt-element og lite luft.

Dette er noko eg skal gå nærare i tøylane i eit seinare innlegg.

10 Comments

Hei, som du sier så må font velges med omhu. Og du sier at font på nett ikke skal ha seriffer, men på min nettleser vises jo din font med seriff? :S
Liker forresten det nye utseende på bloggen din, det var fint ;)
Stein Ove

Joa, men som eg skriv er seriffskrifta Georgia (som eg nyttar) meir optimalisert for nett i og med at streken er tjukkare og meir leseleg på nett enn sin nabo Times. Trur det kan verte ein evig diskusjon der :D Skal heller ikkje sjå vekk i frå at eg kanskje switchar tilbake til Lucida Sans (som eg nytta i førre versjon av sida mi)…

Mht: design: Takk for den! Jobbar jo stadig med å få det perfekt :)

Ok, ja det kan godt være at Georgia er mer optimalisert. Har ikke så alt for mye peiling på det egentlig. Så bare at det var seriff og tenkte å påpeke det ;)
Likte fonten bedre på den gamle siden din. Det er vel den samme som du bruker på footeren din her?

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.