Har val av skrift noko å bety?

Comic Sans er ei fin skrift

Nokon leste nok denne over­skrif­ta med ein klar tanke om at her skin ironien stjernek­lårt gjen­nom. Det gjer den ikkje. Com­ic Sans i seg sjølv er ei fin skrift — men på sin heilt spe­sielle måte sjølvsagt. Skrif­ta er kan­skje den beste å nytte til mitt eksem­pel på kva feil­bruk kan gjere med inntrykket av ein god tekst.

Com­ic Sans har fått eit verke­leg hat­stem­pel blant mange her på klo­den, men har også sine tilheng­jarar. Eg er tildels samd i argu­men­ta mange av dei har mot at den bør for­bys og bannlysast frå alle data­mask­in­er rund­tom, men at steget for fjern­ing bør takast er å gå litt for langt mein­er eg. Det er vel heller det at dei som nyt­tar denne skrif­ta bør få ein opplæring i når den fak­tisk bør nyttast.

Det som oftast er feilen blant folk er at dei nyt­tar Com­ic Sans til alt. I infor­masjon­sskriv om vik­tige sak­er, opp­slag om val og i eksamen­soppgåver. Eg fekk her om dagen ein e‑post frå Kred­i­tor­forenin­gen med infor­masjon om kva fir­ma eg (bedriften) skulle halde seg unna satt med skrif­ta Com­ic Sans. Det osar ikkje akku­rat av ser­iøsitet, gjer det?

Denne ansat­te i eit vel­renomert fir­ma har nok lært si lekse…

Altså —

Job­bar du i barne­hage, eller skal ut med infor­masjon ret­ta mot born, er dette einaste rik­tige plassen man kan nytte Com­ic Sans utan å få eit skum­melt blikk frå ein typografist.

Joda, sjølvsagt kan dei vel­je ei anna skriveskrift til dette bruket. Dei «beste» er nok ikkje gratis, men det er flust av dei som er gratis også. Man treng ikkje skyte barne­hage­tan­tene for det om, altså.

For dei som likar å få det inn med teskjei

Mitt poeng er at val av skrift bør gjerast med omhu. Eg har laga til eit eksem­pel under som vis­er kor­leis uttrykket til ordet «pusekatt» foran­drar seg ved bruk av ei anna skrift.

Som du kan sjå er det ved hjelp av ei skriveskrift (kunne ha nyt­ta Com­ic Sans her, men la oss no ikkje over­drive heller) vert det søte framhe­va. Nyt­tar me ei gotisk skrift­type vert plut­se­leg uttrykket hard­slåande og kan­sje litt skummel.

Utifrå kva skrift tek­sten vert pre­sen­tert med, gir den lesaren eit inntrykk av kva stemn­ing for­fattaren vil formi­dle. Velg difor skrif­ta med omhu!

Kva med Times (New Roman)?

Ja, kva skal man gjere med Times (New Roman)? Ikkje myk­je. Man kan ha sine meiningar om denne skrif­ta, og eg har sjølvsagt mine. Om du skal skrive eit enkelt og raskt brev, i f.eks Word eller OpenOf­fice, er denne skrif­ta heilt kurant å nytte der­som pla­nen er å skrive det ut.

På nett der­i­mot er den ikkje så alt­for god — det gjelder forsåvidt dei fleste antik­vaskrifter med ser­if­ferVG Nett bevis­er dette fan­tastisk godt. Ikkje hjelper det at dei vari­er­ar stor­leiken på tek­sten i hytt og pine og ganske ofte i same set­ning heller. Av den grun­nen, kall den gjerne enkel, besøk­er eg VG Nett særs sjeldan…

For dei som måtte lure: Ja, eg nyt­tar også ei skrift med ser­if­far på mi nett­side. Må kan­skje krype til korset og seie at det kan­skje ikkje er ideelt, men skrif­ta Geor­gia har rett og slett meir sjel enn sin nabo og eg meinar den fun­ger­er myk­je betre på nett.

Så, eg skal bruke Helvetica?

For­di folk (om du ser vekk i frå fol­ka man­nen bak denne nettstaden) ros­er den opp i skyene, meinar du? Vel, som sagt: Vel skrift med omhu til infor­masjo­nen eller uttrykket du vil ha fram med tek­sten din. Gjerne bruk Hel­veti­ca foran Ari­al, men det er flust av andre groteske skrifter som gjer jobben betre og med meir «per­son­legheit». Stikk gjerne innom data­basen til dafont.com.

Lesbarheita spelar også ei stor rolle

Les­barhei­ta og val av skrift er to ele­ment som går hand i hand. Utan ei god/passande skrift vert ikkje tek­sten sær­leg les­bar. I mitt yrke ser eg myk­je bra design, men ofte druk­nar vik­tig infor­masjon i eit hav av grafiske dippe­dutt-ele­ment og lite luft.

Dette er noko eg skal gå nærare i tøy­lane i eit seinare innlegg.

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!