Foreløpig er denne tenesta berre tilgjengeleg for alle i USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Spania og Russland som nyttar nettlesarane Chrome (5/6), Firefox (3), Safari (5) for Mac og Internet Explorer (8). Har du derimot ein Google-konto kan du som nordmann teste denne funksjonen før den vert «allemannseige» allereie i dag!
Så, kva er dommen?
Eg har testa den litt ut og meinar dette er eit steg i riktig retning, men er kanskje litt uvant for folk flest i starten. Du entrar hovudsida deira for å søkje slik du alltid har gjort utan å sjå merkbare forskjellar med det første. Magien startar idet du byrjar å skrive inn søkjeordet ditt. Samstundes som du skriv inn orda i feltet endrar heile sida seg til å vise både forslag på søkjeord (slik som i dag) og søkjeresultata etterkvart som du skriv inn meir og meir i søkjefeltet.
Fiffig spør du meg. Instant om du spør Google…
Kva meinar du?