Knask på ein fredag: Juli

Fredag er dagen som mange elsker! Forhåpentleg er det same følelsane folk har for mi faste spalte… Uanskvett om du har ferie, arbeidar eller rett og slett driv dank, slå eit slag for det keisame og gjer deg klar for ei ny spalte med knask!

Fredag er dagen som mange elsker! Forhåpentleg er det same følelsane folk har for mi faste spalte… Uanskvett om du har ferie, arbeidar eller rett og slett driv dank, slå eit slag for det keisame og gjer deg klar for ei ny spalte med knask!

Noko du misliker? Set eit stempel på det!

Det er ganske mange av oss som er medlem av det sosiale nettverket Facebook. Faktisk bikka dei  500 millionar førre veke. Dette kan nok føre til at me har vanskeleg for å skilje den digitale og analoge kvardagen ved at du ynskjer å angre hendingar ved å trykke CMD/CTRL+Z og like/ikkje like tekster og bileter du ser. London-firmaet Nation har gjort noko som kanskje kan hjelpe for sistnemnte. Dei har nemleg laga eit stempel med Like og Dislike. Treng du ein slik, kan du kjøpe dei her.

LEGOmania

Er du glad i både gode filmar og LEGO? Fint! Amusing Planet har samla ein god del filmplakatar som er gjenskapa ved hjelp av LEGO-brikker og -figurar. Likar du betre historiske bileter? Ja, då finst dei også i LEGO-utgåve!

Sharif Lukman

Sharif Lukman (må ikkje forvekslast med ein viss dekkbaron) er ein flink mann. Han er ein dreven kar på å designe ikoner og interaktive media, som for eksempel Tapmonkeys iPhone applikasjon Tourist. Portefølja hans er full av gode eksempler på akkurat dette.

Kven elskar støv?

I Love Dust ser ut som ein god kandidat — i alle fall om me skal tolke namnet. Det er ikkje tilfelle slik eg ser det, for denne bedrifta er dyktige på det dei gjer innan illustrasjon, kreative prosessar og grafisk design. Og det samlar fint lite støv til tross for at dei held hus i flott dekorerte kontor i tjukkaste London. Eller, kva veit eg? Eg har jo aldri vore i London…

Inspirasjon.

På jakt etter inspirasjon i det daglege? Thomas Moen, mest kjend som mannen bak iPublish har oppretta ein tumblr-blogg der han sper på med bileter og tekstar han finn inspirerande. Kanskje du finn noko der du også?

Kven kom fyrst; høna eller egget?

Gleda over reklame er todelt. Det er dei som hatar det som pesten fordi det forstyrrar sundagsfilmen midt i det mest spanande partiet. For andre, som meg, kan reklame vere ganske så vakkert og lattermildt. Hjå Ads of the World kan du blant anna finne ut kven som kom fyrst av høna eller egget.

Ikoner

Aldri ein fredag utan Noreg Rundt, ifølgje NRK. Hjå meg er det alltid ikoner på lur, slike som under:

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.