-
Sigur Rós går under jorda
I dag ville eg berre dela ei fantastisk musikalsk oppleving med mine lesarar. Den franske nettstaden La Blogothèque har ein serie kalla Empty Space. Der presenterar dei artistar som spelar på ein uvanleg scene. I deira siste episode ser me Sigur Rós, eit av mine favorittband, spele Hrafntinna i ei hule langt under Paris sine […]
-
For all del, bland deg inn!
Lei av å nytte verdifull tid på å leite opp ikon på nettet når du held på med eit nytt design i Photoshop? Ikkje leit så mykje meir. Bruk heller innstikket BlendMe.in! Innstikket er gratis, inneheld tusenvis av ikon og det er berre til å dra elementa frå verktøysboksen og inn i designet ditt.
-
Du og din telefon, til all æve. Amen.
Gløym iPhone, Android, Windows Phone og andre smarte og dumme telefonar. Kvifor ikkje satse på ein telefon som du kan bygge og tilpasse sjølv, i tillegg til at du kan bytte ut delane etter lyst og behov? Sjekk ut Phonebloks — telefonen som i motsetnad til alle andre kan vara evig! Sjekk ut denne nettsida for […]
-
La oss skifte tema…
Det er haust og tanken er å starte med meir eller mindre blanke ark når det kjem til bloggen min. Eg har lenge tenkt å forandre på bloggdesignet, men tida strekk ikkje til når det er ein perfeksjonist i førarsetet.
-
Stafettveksling på Stord
Nynorskstafetten har akkurat hatt ein månads pause, og i morgon parkerar dei bilen med stafettpinnen i verdas største nynorskkommune, Stord.
-
Nynorskens pappa har bursdag!
I dag er det bursdag. Bursdagen til ein særs viktig mann i Noreg si språkhistorie. Du kan kalle han pappaen til nynorsken om du vil. I dag er det nemleg 200 år sidan diktaren og språkforskaren Ivar Andreas Aasen vart fødd!
-
Det nye eplet
Apple inviterar til konferanse. Folk sitrar i spenning. Mockups og konsepter oppstår i kreti og pleti. Kva vert presentert? Kjem det ein revolusjon, evolusjon eller berre småpirk? Eg har kort oppsummert mine tankar rundt det dei hadde å koma med på deira WWDC-presentasjon i går kveld.
-
Knask på ein fredag: Mai
Det er siste dag i månaden med flestfridagar, men sidan det er fredag er det klart for litt deilig knask! I dag kan du lese om alt frå gode gamle GIF-animasjonar til folk som vert smidd i hymens lenkjer.
-
Tonar på ein måndag: Mai
Det lir mot sommar og forhåpentleg betre vêr. Difor har eg samla ti nye låtar som kan inspirera til pikniken i parken, båtturen eller romferda til mars.
-
Lyst å sjå dagen i perspektiv?
Synest du dagen går treigt, eller at det er lenge sidan sommaren? Vel, i dag har eg ei nettside som kanskje kan setje dagen litt meir i perspektiv for deg...