Det snør, det snør, tiddelibom!

Sjølv om alle strengt tatt veit det, ser det ut til at mange gløymer kor snill og uskyldig snøen eigent­leg er. Den dalar sak­te ned frå him­me­len, fak­tisk lettare enn ei fjør, og skal difor ikkje volde noko skade som helst. Dog, som me alle veit betyr også dette kvite lak­enet over land­slapet at det opp­står visse større eller min­dre kom­p­likasjonar i men­neskenes liv.

Artige reklamer

Når eg til dag­leg sur­far rundt på verdsveven etter nye design­sprell dukkar det opp artige ting og tang på min veg. Blant anna er eg ofte innom sider som vis­er gode, og av og til artige måtar å reklamere eller oppl­yse om ting.

Buss, buss, så får du ein suss!

Då var felles­fe­rien over for denne gong, og stu­den­tar og arbei­dsviljuge nord­menn er att tilbake i trafikken i Bergen by. Berre eg skal på jobb så må eg smøre meg inn med ein god desj tolmod. For turen som van­legvis tek 15–20 min­ut­tar, tek no mel­lom 45 og 50 min­utt, og det er lite kjekt […]

Dejlig å vere norsk

Ikkje bli skremt, mon­steret lik­er berre ikkje å ver­ta tatt bilete av… Etter over 350 mil bak rat­tet i «Mini Jack» på 4 vek­er, med danske, svenske, aust­landske, vest­landske og sør­landske hus og land­skap susande for­bi, er eg igjen tilbake ved arbei­d­spul­ten for å ta til på den hek­tiske kvarda­gen. Mens eg fort­satt har ferien […]

Og vips, så var me ferdig!

Etter minst 200 meter masker­ingstape, 20 liter mal­ing, ørten ruller og malerkostar av alle slag og vari­antar, eit par sol­skinns­da­gar som har gått fløyten og eit fint stort antall ost- og skinke­horn (bakt av madammen etter mam­mas opp­skrift), kan me no sjå oss fint fer­dig med oppuss­ing­spros­jek­tet vårt i Fyllings­dalen.

Gjørme, galskap og ein ørliten biltur

Etter 2 vek­er i arbei­d­slivet etter endt som­mer­ferie, er det vel på tide å opp­sum­mere lit­te­grann. Som eg lovte tidligere i som­mer, kjem her eit «lite» tilbake­b­likk på kva som har skjedd sidan sist.

«Ikkje køyr før eg seier køyr. Køyr!»

Fekk denne tilsendt av ein kam­er­at i går kveld. Synes den pas­sa godt i desse tider når Bergen Kom­mune skal stenge mange veg­ar rundt Dan­marks plass for å gje plass til den myk­je omtale Byba­nen. Og då tenkjer eg på dette med å få ein fin flyt i trafikken. Spar­er penger på å la vere å bruke trafikklys gjer man óg, både når det kjem til innkjøp og strøm­for­bruk.