Endeleg ein el-bil med stil!

Electrified Mini
Biletet er lånt frå Mini Space-nettstaden.

Alle og einkvar kan vel vera einige om at mange av dagens, og forsåvidt tidle­gare utgåver av el-bilar på mark­naden, ikkje akku­rat har den beste designet og fin­ishen som man kan­skje kunne ynskt seg. Då eg i kveld sur­fa på net­tet etter kor­leis eg kan set­je Net­Com i stampe, etter det eg meinar er ein slurvete kun­de­ser­vice, fann eg det eg ALLTID har drøymt om.

På nettsi­da Mini Space — Cre­ative Use of Space kunne eg lese at denne fan­tastiske biltypen (i slekt med vår eigen Mini Jack) no skulle kome i elek­trisk utgåve! Diverre er det kun for det amerikanske folket. Men bur du sør i Kali­for­nia, New York eller i New Jer­sey og sign­er deg opp på denne sida, skal du ikkje sjå vekk i frå at du plut­se­leg sit i ein over nor­malen fin bil dri­ven av ein el-motor.

Om eg gled­er meg til den kjem til Noreg? Jepp! Om eg får råd? Tja… Den som lever får sjå!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: