Åh, supert…

Super­mann er ein fin fyr. Staut og sterk som han er ord­nar han lett opp om dei onde driv gjøn med oss van­lege folk. Men, kor­leis er han i heimen? Er han lik der, eller er han ein, ja, pusekatt? Sjå videoen over så får du svar!

Slepp sommaren inn!

Er som­maren­fe­rien rett rundt hjør­na, eller kan­skje du allereie er i gong? Der­som det reg­nar og du føler skikke­leg for å ta i mot litt som­mar­leg for­frisk­ing? Skru opp vol­umet og opne vin­dau­ga!

Innovasjonar for morgondagen

Kva vil mor­gonda­gen bringe av nytenkingar og inno­v­a­tive løysin­gar? Vil det elek­triske lyset ved­vara, eller vil me ha heilt nye mor­gonruti­nar om nokre år? Vanske­leg å seie, men Mag­gie Koerth-Bak­er har fun­dert litt om temet og sam­la alt i ein pre­sen­tasjon hjå The New York Times. Artig lesning før hel­ga!

Eit lite déjà vu på tampen…

Eg veit det er fredag, men til tross for at det er dagen for å roe ned før hel­ga, gjer eg rom for ein ganske så djup tvit­ring som kan­skje får kvar og ein av oss til å tenkje:

Wow, that’s deep. What if ‘Deja Vu’ is actu­al­ly you los­ing a life and you are start­ing back from the last check­point?
Matt Pass

 

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: