Vil du ha egg?

Nei, det er korkje snakk om speilegg eller eh, befruktningsegg i dag. I beste agurktid har eg lyst å gje deg ei lita gåve som kanskje kan setje preg på dine digitale hjelpemidlar!

Det er ikkje store greiene, men eg sat her om dagen og lurte fælt på kva eg skulle ha som skrivebordsbakgrunn på arbeidsmaskina mi. Eg fann ikkje på noko som passa så godt, difor laga eg rett og slett ein flett ny! Ein skrivebordsbakgrunn/skjermsparar som var midtpunkt på skjermen og som ikkje gjorde så mykje ut av seg, med det i tankane at det kunne kome mengder av ikon på skrivebordet…

Eg har laga til nokre storleikar som fungerer på dei fleste maskinar og andre elektriske duppedittar:

Om du vil ha andre storleikar, ikkje nøl med å ta kontakt i kommentarfelta under!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.