345 486 nedlastingar

Det er i dag akkurat seks år sidan eg registrerte meg på dafont.com for å dele skriftene mine. 345 486 nedlastingar seinare er det på tide med ein liten statusoppdatering…

Som du bør ha fått med deg skapar eg skrifttypar. Det har ikkje vore så mykje aktivitet på det feltet i det siste, men dei eg har skapa til no ligg klar til nedlasting på ei side kalla dafont.com. På denne sida finn du gratis skrifter til skikk og bruk.

Sist eg rapporterte statistikk frå denne sida var i 2007, og sidan den gong har skriftene vorte lasta ned godt over 200 000 gongar — og har i dag enda opp på totalt 345 486 nedlastingar. Den mest populære skrifta i 2007 var Parallello, med Asphyxiate hakk i hæl. I dag er det sistnemnte som har teke pallplasseringa eit godt stykke over andreplassen. Om eg ikkje har nemnt det før er det planlagt ei oppdatering av Asphyxiate i ei «Pro»-utgåve. Når det vert, er heller usikkert…

Sjekk ut alle skriftene eg har her eller på dafont.com!

Mens du ventar på noko nytt

Som nemnt har det ikkje vore så mykje aktivitet innan typografi, men for siste oppdatering kan du sjekke ut skriftprosjektet mitt med arbeidstittelen «1956» på Dribbble her og her!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.