Det har ikkje akku­rat bugna over av inn­legg frå mi side i det siste. Eg kan heller ikkje love at det kjem så myk­je i næraste framtid heller, då den stadig vok­sande og sprekkfer­di­ge magen til madammen straks skal resul­tere i ei aldri så liten fam­i­lieauke… I slike fød­sels­føre­buande tider er det godt eg kan tipse deg om knask frå her og der på det store Inter­nett!

Ein katt etter skrift

Eg skreiv for ei tid sidan om kor­leis ein hund med f.eks. nam­net Com­ic Sans kunne ha sett ut. Eg har fått ein del sinte e-postar på grunn av at eg ikkje har sama­lik­na kat­ter med skrifter. Nei­da, men fortvil ikkje. Sjølv om du skulle vere allergikar har 9GAG allereie teke hand om den bif­f­en utan å røyte!

Nedstripping av typografi

Der­som du har arbei­da med vek­tor, og fyrst og fremst med out­li­na tekst, kjen­ner du til at det er fort gjort å fjerne eller få strekane heilt ut av lodd. Dette har Ate­lier Olschin­sky teke eit steg vidare med deira typografiske ekper­i­ment som kan sjåast her!

Me elskar ting som er gratis, ey?

Eg kan med glede dele to skrifter eg har dul­ta bor­ti på min veg gjen­nom Inter­net­tet. Last ned og ver kreativ!

Archive

Trykk på biletet over for å sjå meir og laste ned skrif­ta.

Poly

Trykk på biletet over for å sjå meir. Denne er også tilgjen­ge­leg som nettskrift hjå Google Web­fonts!

W

Ein litan fif­fig greie heilt på tam­p­en. Vis­ste du at bok­staven «W» ikkje vart teken med i det svenske alfa­betet før 3. mars 2006? Er ikkje slikt gre­it å vite på ein fredag, eller?

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: