Ein hund etter skrift

Av og til kan ein utifrå namnet på ein person sjå for seg korleis han eller ho ser ut. Men kva om ein spør det same spørsmålet, men vrir det mot typografien? Korleis ville hunden «Bodoni» sjå ut? Eller «Comic Sans»?! Opne dagens luke for å sjå!

Eg ber om orsak for språkbruken no i juletida, men Fuck Yeah Dementia har teke Fineline Design sin plakat og modifisert den nokre få hakk. Resultatet er ein fantastisk og realistisk samansetning av korleis hundar med skriftnamn kunne ha sett ut. Helvetica er sjølvsagt schäfer og Times er engelsk bulldog. Og til slutt har me jo Comic Sans som er, eh, ja… Kva for rase er det eigentleg?!

Forslag vert motteke med takk i kommentarfeltet!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.