Typografisk tips #2

Dette tipset er alt­så for alle dei av dykk som skal lage større bok­stav over fleire lin­jer fyrst i eit avs­nitt. Også kalla innlei­ings­bok­stav eller ini­tial. Ombrekking­spro­gram­met InDe­sign har stø­nad for dette og nokre av dei små jus­teringane eg skal pre­sen­tere i dag er hen­ta frå det.

Eg star­tar med van­leg brødtekst. Gjerne opprett ein avs­nitts­mal (para­graph style) for å lette vidare arbeid, og/eller der­som du skal nytte denne typografien seinare.

Opprett kopi av original

No som all tekst er satt i same stil går du til palet­ten med sti­lane og drar malen Brødtekst ned i ny mal for å opprette ein kopi basert på den opprinnelege.

Endre namn på laget

Dobbeltk­likk den nyop­pret­ta malen og endre namn til for eksem­pel Brødtekst INITIAL. Fyrst går du til Indents and Spac­ing i menyen på ven­stre side og sett ver­di­en for First Line Indent til 0 mm. Deretter vel­gjer du meny­punk­tet Drop Caps and Nest­ed Styles. Her er det magien skjer.

Sett inn antal lin­jer ini­tialen skal stå på (eventuelt også om det skal vere fleire bok­stavar i denne). Vik­tig: For best resul­tat, sjekk at det er huka av i valet Align Left Egde. Dette er for at ini­tialen skal kome i lik ven­strekant som resten av spal­ta. Huk Pre­view av og på for å sjå forskjellen.

Trykk OK for å fullføre.

But wait, there is more!

Diverre har eg ikkje funne ut kor­leis ein enkelt kan gjere siste fin­ish automa­tisk (om det finst, tek eg gjerne mot tips alt­så!). Så, for å lage til det ultimate/finaste resul­tatet må du inn og gjere litt manuelt arbeid. Dette vil eg berre anbe­fale der­som du har tid og resul­tatet skal flikkast med. Det eg vil opp­nå er å få litt meir avs­tand mel­lom ini­tialen og dei to siste «ini­tial-lin­jene». Sjå skjer­mdump over.

Det du skal gjere er å gå inn på slut­ten av fyrste lin­je og lage ein mjukt lin­jeskift. Dette gjer du enkelt ved å trykke Shift+Enter på tas­taturet, eller gå i menyen Type › Insert Break Char­ac­ter › Forced Line Break. Der­som det opp­står eit lite mel­lom­rom før fyrste ord på neste lin­je, fjernar du denne. Du skal nem­leg set­je inn ein halv kegel-mel­lom­rom. Gjer dette ved å trykke CMD/CRTL+Shift+N, eller vel­gje frå menyen Type › Insert White Space › En Space. Gjer dette for neste lin­je også.

Kvifor så mykje makk for å skape ein enkel effekt?

Jo, for­di det ser litt betre ut i til­legg til at lesaren ser fort at ini­tialen star­tar fyrste lin­ja. Kan­skje innlysande i utgongspunk­tet, men då fell me tilbake på utsjå­nad. Men som sagt, dette er ikkje nød­vendig i det store og heile, det berre ska­par ein betre typografisk finish!

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!