Categories
Skrifter/typografi

Frå hand til skrift

Nei, eg skal ikkje pre­sen­tere ei veiled­ning på kor­leis du skriv­er for hand i dag. Ber om orsak om tit­te­len er mis­visande i såfall. I luka for dagen vil eg nem­leg pre­sen­tere ein svenske som ser ut til å over­føre hand­skrift til dig­i­tal utgåve med pre­sisjon.

Mono­ment av Måns Gre­bäck

Måns Gre­bäck er man­nen eg vil snakke om i dag. Han driv nettstaden MAWNS der han pre­sen­ter­er arbeid han har gjort, samt sel skriftene han lagar. Foruten å forme vakre dig­i­tale hand­skrifter, har han også eit utval av andre typar skrifter.

Gratis skrift: Brannboll Fet

Der­som du vil teste ei av skriftene hans er det mog­leg å laste ned skrif­ta Brannboll Fet frå Abstract fonts. Du skal vere merk­sam på at denne gratisver­sjo­nen ikkje skal nyt­tast til anna enn per­son­lege for­mål. Men det skal vel halde i mas­se­vis for ei testkøyring!

Sjekk ut hans rikhaldige og vari­erte porte­føl­je her!