Inovativ bruk av typografi

Tekst og typografi kan få folk til å le og gråte. Den kan vere traust og kjedeleg, eller den kan vere riktig så innovativ og gøyal. Eg skal vise deg nokre her i luka for dagen.

Tida flyr når ein held på med oppussing og arbeid til langt på kveld. Ein gløymer også fort at det manglar visse luker i kalenderen også. Sidan eg er så treig ute med luka for dagen vert det i dag eit raskt blikk på kva som befinn seg av typografiske finurlegheitar på nettstaden DeviantArt.

Cronies

Det er kanskje ikkje det mest innovative dette med å lage alfabetet utifrå teikningar av dyr, men artig er denne varianten likevel.

Red Riding Hood

Du kan skrive på papir, måle bokstavar på ein vegg og du kan gjere som Josephine Evetts; lage tekst i tre dimensjonar av papirstrimlar.

Typografisk alfabet

Eg avsluttar luka i dag med eit vakkert alfabet satt til livet av handa til Francesca Victoria. Eg ser fram til den dagen eg får tid til å sitje med pennen og føre noko liknande ned på papiret…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.