Knask på ein fredag: Desember

Julematen er fordelt i alle mageregionar og du er straks klar for å telje ned til den nye året. Men kva er vel betre enn å kunne avslutte året som har gått med digitalt knask på ein fredag?

Julematen og dei evigvarande rekkjene av julekaker har nok satt andre spor enn berre rundt midjen, difor eit kortare innlegg i dag. Håpet er uanskvett at det fell i smak…

Shelby White

Me startar med å presentere portefølja til Shelby White, ein fotograf og designar som gjer sitt ytterste for å vise deg det beste av hans kvalitetar innan desse to felta. Det gjeld også for innhaldet på bloggen hans.

Katastrofar innan bilethandsaming

Siste dag i året er synonymt med oppsummeringar. Det stemmer også for feilbragder innan bilethandsamingar. Abduzeedo har samla ein del frå det siste tiåret som nettstaden Photoshop Disasters har presentert på si side. Vel verdt eit besøk for ein aldri så god latter!

Av den kommersielle typen

Eg satsar alt på at du ikkje er gått lei av alt som er av typografisk innhald, for Commercial Type er i tillegg til å vere ein god samlingstad for fine skrifter, osgå ei fryd for augo. Det gode samarbeidet mellom Paul Barnes og Christian Schwartz har blant anna ført til pris for skrifta dei laga til avisa The Guardian. Flinke folk der, altså.

Ikoner (kva ellers?)

Heilt på tampen skal eit gratis ikonsett frå PC Unleashed få æra av å runde av årets siste knask, samt årets siste innlegg frå meg. Feir med måte i kveld!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.