God jul til deg frå meg!

Då var dagen komen. Pakkane skal vere plassert under det grøne glitrande treet, julematen skal straks putre på komfyren og finstasen skal straks på. Men aller fyrst: Julegåva frå meg til deg!

Etter ein månad med 35 prosent fleire besøkande, og der 30 prosent kom direkte frå Twitter, står no siste luke i julekalenderen for tur. Som nemnt i luke ein, skulle du få ei lita gåve frå meg i dag. Gåva kunne nok sikkert vore av større dimmensjonar, men tid og veg er ikkje alltid eins beste ven. Likevel skal du få eit skriftsnitt frå mitt kommande skriftsett kalla Tyggis. Skriftsettet skal etter planen innehalde seks snitt; Light, Regular og Bold, samt alle tre i kursiv, når den ein eller annan gong vert ferdigstilt.

Under kan du snikkikke på nokre av teikna som vil dukke opp i dei forskjellige snitta.

Etter planen skal denne skrifta verte mi første skrift eg skal prøve å få solgt via ein eller annan interessert tilbydar. Om den ikkje vert godkjent nokon stad skal du ikkje sjå vekk i frå at du på bloggen min kan laste ned komplett skriftsett!

Uanskvett kva det vert til i framtida skal du i dag få eit førehandsvisningssnitt av Tyggis Bold her og no som einaste plass i heile verda! Det vil seie at du kan bruke den fritt for personleg bruk, men ikkje offentleg, samt at du må ha skrifta installert på alle maskinene som skal skrive den ut. Sikkert bajs, men slik er det berre…

Lasta ned årets julegåve frå meg til deg ved å klikke her (eller under)!

No er det jul att!

Til slutt i dag vil eg berre få ynskje alle mine lesarar ei god jul, og håpe de vil kome innom neste fredag for årets aller siste knask! Kan love deg både ikon-pakkar og Photoshopfiaskoar i lange banar!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.