Kva småverktyg nyttar du?

Alt i verda har ein samanheng. Små ting i kvardagen kan utgjere den store forskjellen. Dette gjeld også for programma du nyttar på maskina di. Kva meiner du er essensielt å ha?

Dei aller fleste designere nyttar Adobe-pakka i sitt daglege verke for å lage nettsider og grafiske trykksakar. Dette er store tunge program som gjer jobben sin, men kva for småprogram føler du er essensielt å ha på maskinen for å hjelpe deg i ein tidsklemt digitale kvardag?

Under kan du sjå nokre av mine favorittar og kva program eg føler er er avhengig av å ha på maskinen for å kunne arbeide mest mogleg saumlaust. Alle programma eg presenterar er for Mac OS X, men kom gjerne med dine favorittar for Windows og Linux!

Coda

Har leita lenge etter den ultimate kodeeditoren, men gav lett etter då eg fann Panic sin Coda. Eg har funne ut at den har alt ein treng til å kode nettsider; Kodevisning, førehandsvisning, innebygd FTP (basert på Transmit) og nettsideadministrasjon. I tillegg ser alt lekkert ut! I motsetnad til resten av programma pressentert her kostar dette programmet noko, men det er absolutt verdt det!

Web Developer for Firefox

Mange har byrja å sverge til Safari sin eigen Developer-sak for å unngå å installere tillegg i nettlesaren. Det kan vere at eg ikkje er smart nok, men eg finn den vanskeleg å bruke og forstå når eg skal endre på stilark osb. i eit nettside eg skal designe. Eg nyttar difor eit tillegg til Firefox kalla Web Developer, laga av Chris Pederick.

Tweetie

Tweetie frå Atebits er nytta som lesar av eit av mine største idébankar, nemleg Twitter. Som Coda er også denne applikasjonen tilpassa det allereie lekre Mac OS X-grensesnittet.

Alfred

Alfred er ein lettvektar innan indekserings- eller snarstarts-applikasjonar. Eg har skrive om denne før, men nemner det gjerne om att: Denne er genial til å opne programmar og kontakter raskt i Mac OS X. Verdt å prøve ut dersom du ikkje vil ha så mange applikasjonar i docken din og du nyttar adresseboka ofte!

CocoaZip

Mac OS X har innebygd komprimeringsassistanse, men sidan den legg att unyttige filer som f.eks DS_Store når ein pakkar filer måtte eg finne eit alternativ. CocoaZip, skapt av Stephen Rudolph,er eit enkelt program som komprimerar til dei mest kjende formata utan tilleggsfiler.

Mail Attachments Iconizer

Eit must for alle som nyttar Mail som e-postklient — i alle fall om du sender til folk som nyttar Outlook/Windows. Mail Attachments Iconizer får vedlegga til å vise som filvedlegg og ikkje som ein del av sjølve e-posten, samt at den vert vist korrekt, og som vedlegg, på mottakarens maskin.

Dropbox

Dropbox har gjeve meg mykje hugleik. Eg nyttar denne til enkel backup/synkronisering av viktige filer. Ganske greitt om eg skal arbeide saman med nokre på ein annan lokasjon, eller vil sende større filer til ein kunde.

10 Comments

Bra liste! Med et par nyttige jeg ikke kjente til. Jeg sverger til Things for å holde orden på alt jeg skal gjøre.

Og det teller vel knapt, men jeg bruker TextEdit gjennom hyppig hele arbeidsdagen. Blant annet til å skrive denne kommentaren. :-)

@Joachim: Har den installert faktisk, men har ikkje nytta den noko særleg. Kanskje er skal «ta opp tråden» på den att?

@Elisabeth: Veldig lyst på Things, men har ikkje teke meg råd til den endå, mest fordi eg nyttar Google Calendar som felles bookingssystem på tvers av avdelingane til det eg skal gjere kvar dag.

@Heine: Meinar Coda dekkjer mine behov der, men ser absolutt bra ut :D

Klarar meg ikkje utan det ultimate småverktyget: Skitch. http://www.skitch.com Fantastisk bra til å utveksle visuelle idear og tilbakemeldingar. «Skitch it back»..

Og det er kanskje den viktigaste komponenten til Webdesignmagasinet, sidan dei fleste webdesignerane er for late til å legge inn egne ting.

Etter at Mac’en min valgte å ta kvelden, er det én ting jeg savner – Coda. Har fortsatt til gode å finne en ultimat kodeeditor for windows!

Men om jeg kan komme med et tips, så bruker jeg Zen Coding. Det er en plugin som utleder HTML-tags fra CSS selectorer (vanskelig å forklare, se heller noen beskrivende videoer fra Youtube :-). Sparer deg for mye tid om du skriver mye HTML!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.