Categories
Skrifter/typografi

Typografikrafta er fullført

Det kan jo virke ut som om eg er ein fan av Star Wars sidan eg pub­lis­er­ar så myk­je med innhald frå serien. Men det er vel mest for­di det er laga så myk­je typografisk god­teri at det berre opplysast om…

Det ital­ienske reklame­byrået H‑57 har laga myk­je fint opp gjen­nom, men det som har fan­ga mi, og ein del andre si inter­esse er nokre plakatar med motiv av kjente Star Wars fig­u­rar.

Kva har fig­u­rar med typografikalen­deren å gjere, seier du? Jo, det er for­di desse fig­u­rane er laga heilt og fullt av bok­stavar og teikn. Det er vakre å sjå på, men diverre er dei ikkje for sal — endå. Byrået job­bar med å få lisen­siert arbei­det slik at dei, på grunn av den vold­somme merk­sam­den dei opplev, kan trykke dei opp og sel­je dei til Gud og einkvar.

Me får vente i spen­ning!