Knask på ein fredag: April

«Kom mai du skjønne milde, gjør sko­gen a‑atter grønn» vert det snart sunge. Men før kalen­deren skal vise at det er mai, må me fyrst gjere oss fer­di­ge med alt knas­ket som duk­ka opp i pås­keegg og på net­tet i april. Eventuelt kan du kjøpe ein blomst til den du elsker og ein til kona di, eller sende inn sjølvmeldin­ga. Valet er ditt.

NoPattern

Man­nen bak NoPat­tern, 25-årin­gen Chuck Ander­son, er glad i far­gar – veldig glad i far­gar. Du ser ein gjen­nomgåande bruk av alle reg­n­bo­gens far­gar i arbei­det hans, strukke frå pakn­ings­de­signet til oper­a­tivsys­temet Win­dows 7 til årsrap­por­tar for Anti-Defama­tion League. Andre klien­tar han har på si liste er blant anna Adi­das, Google, Pep­si og Vans. Ein ganske så kreativ ung mann me har her altså!

Walter Design

Ole Chris­t­ian Store­sund hadde lenge si fart­stid i Knud­sen Grafisk før han no har star­ta sitt eige design­stu­dio: Wal­ter Design. Han er ein gamal kjen­ning av meg frå mi tid i Bergen, og eg kan bekrefte at denne karen er ein kreativ fyr! Det er ikkje utan grunn at han blant anna i 2004 vant  NM i grafisk design for lær­linger og unge faglærte.

Function

Denne har eg fak­tisk nem­nt før, men etter­som det er gått to kreative år sidan sist er det kan­skje gre­itt å nemne dei igjen. Func­tion job­bar for fyrstein­ntrykket i deira pros­jek­ter, og for at den gode opplevin­ga ved­var­er. Dette er flinke folk som blant anna lagar temaer til CMS og ikon­er i mas­se­vis. Verdt ein kikk? Jepp!

Heavy Eyes

Joe Burke, Jamie McDon­ald og Tom Brown­ing er tre menn som lik­er fine ting og elsker å vise det. Dette vert gjen­spegla på nettstaden deira Heavy Eyes. Her pre­sen­ter­er dei ein heil del bra for oss frå design­ver­de­nen, både frå trykk og utstilt kun­st til meir dig­i­tale. Snad­der? Jepp.

Tobias Sahlin

Eg stjel­er eit uttrykk frå ein av mine gode ven­er for å definere denne porte­føl­ja: Gukkå! Tobias Sahlin kjem frå Sverige. Som kjent er dei svenske jentene/damene rel­a­tivt fine. Eg skal ikkje meine noko sær­leg om utsjå­naden til denne karen, men det han lagar er ganske så lækkert å sjå på. Det verkar som dei fleste som går og har gått på den svenske skulen Hyper Island er, ja, rett og slett hyperkreative…

Kva skjer i kulissane?

Har du nokon gong lurt på kva som kan­skje har vore tanken bak, eller kva som dukkar opp i hov­udet på ein illus­tratør når han besøk­er ein gitt nettstad? Om du ikkje stop­par å lure etter å ha sett bloggen til Ricar­do Gimenes, Behind the web­sites, ynskjer eg deg lykke til vidare i jak­ta på betre sider som kan illus­trere temaet…

Uspesifisert

Denne sida kan gje deg frys­ningar på meir enn ein måte! For det fyrste er det ei kam­pan­je­side frå Amnesty Inter­na­tion­al for å stoppe for­føl­gelse, tor­tur og andre brudd på men­neskerettighei­tane. For det andre tek du verke­leg del i han­dlin­ga om du vel­ger å skrive inn namn og num­mer når du entrar sida. I say no more…

Ikoner/brusher

Korleis printe frå ein iPad?

Til slutt kan eg avs­løre eit killer-tips for dykk som måtte ha utfor­dringar med å skrive ut frå iPad. Kven snakka om framskritt?

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!