Knask på ein fredag, veke 10

Kalen­deren vis­er nok ein gong at det er fredag. Sam­stun­des som snøen renn vekk og våren kjem­par seg fram i det sure reg­n­véret, er det godt å vite at eg kan halde deg innandørs med nye knask!

Leik med mat

Du har sikkert opplevd å fått beskjed om ikkje å leike med mat­en i løpet av oppvek­sten din. Hjå Lazy Palace kan du finne ein god sam­ling med bileter frå folk som, heldigvis, har trossa denne åtvaringa og laga kun­st av mat. Smak­fultl!

Glad i film og logoer?

I amerikanske fil­mar er du vitne til flust av pro­duk­t­plasseringar frå forskjel­lige fir­maer. I denne fil­men treng du ikkje leite sær­leg etter desse, i og med at heile fil­men er bygd opp av berre logo­er. Det tok vis­st­nok seks år å lage denne 16 min­ut­ters fil­men, men fol­ka bak fekk løn for innsat­sen: Dei fekk nem­leg Oscar for beste korte ani­masjons­film!

Ta nerden i deg eit steg vidare!

Er du ein ekte nerd, eller berre er opp­slukt av dingser til heimen? Mash­able pre­sen­ter­er her deira topp ti liste for kva du bør ha av teknolo­gi-dippedupp-dingser på kontoret/arbeidsplassen din. Alt frå iPhone-bor­d­brikker til dør­mat­ter for­ma som ein tast på tas­taturet.

Internet Explorer 6 har sovna (stille?) inn…

1. mars vart støt­ta for IE6 hjå Google Docs fjer­na, og dette førte til at net­tle­saren sov­na inn samme morn­ing. I alle fall iføl­gje nettstaden IE6 Funer­al. Hendin­ga gjekk ikkje upåak­ta hen, og Aten Design Group stelte i stand ei gravferd i deira kon­tor der folk kunne kome å halde sin avskjed­stale. Bileter frå anled­ninga kan sjåast på Flickr. Eg rek­nar med at det ikkje er så mange som vil sakne den…

Ikoner på kopp

Det er mange av oss designer­ar, utviklarar og kon­torot­ter som ikkje klar­er seg utan ein kopp kaf­fi eller fem om dagen. Dette ikon-set­tet er kof­fe­in­fritt, men inneheld ikon­er for­ma som kop­par deko­r­ert med diverse logo­er. Om lidt er kaf­fen klar…

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: