Alkaline – din ven i nettleserjungelen

Det finst kan­skje betre nett­side-test-pro­gram­mer der ute, men for meg virkar Alka­line som ein kjær ven til einkvar nettde­sign­er som sit på ein Mac.

Gratisut­gå­va kan diverre berre teste nettsider i Inter­net Explor­er 7 og Fire­fox, men der­som du går til anskaffing av ful­lver­sjo­nen (tips: få sje­fen din til å span­dere) får du tilgo­ng til testre­sul­tat frå 17 (24 i føl­gje pris­over­sik­ta) forskjel­lige net­tle­sarar. Sidan vis­ninga på Mac og PC er forskjel­lig er dette ein ganske så grei måte å få svar på kor­leis ting ser ut på andre mask­in­er med andre net­tle­sarar.

Har du i til­legg pro­gram­ma Coda og Text­mate, kan du laste ned eit Alka­line-til­legg til desse for å nyt­ta pro­gram­met fullt ut.

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: