Knask på ein fredag: Januar


Det virkar for meg som om jan­u­ar har gått ulide­leg seint, men det kan ha vore at eg pub­lis­erte ein ny sak bor­ti­mot kvar einaste dag i desem­ber… Uan­skvett, det er fredag og eg skal nok ein­gong ser­vere deg nye knask  siste fredag kvar måned dette året også! Corn­flakes anyone?

Som alltid star­tar eg med litt snop for augo, design­mes­sig sett. Det er ikkje myk­je, men det er det eg har klart å fange opp og sett i løpet av ein ganske så hek­tisk januar.

Letterheady

Denne bloggen er dedik­ert til å vise deg noko så enkelt som bre­vark i forskjel­lige utførel­sar, nye som gam­le. Der­som du er meir inter­essert i innhaldet i brev kan eg og anbe­fala deg å besøke Let­ters of Note. Artige sider begge to!

Digital Podge

Eigent­leg veit eg ikkje heilt 100 % kva denne sida er til for, men utifrå design og det eg har fått med meg av innhald, er Dig­i­tal Podge eit slags refer­at frå ei årleg tilstel­ning basert på dig­i­tal sta­tis­tikk. Eller noko slikt. For augo mine er det uan­skvett eit gjenom­ført og her­leg design!

Kjeft’a

Kjeft a! er ein norsk design­blogg. Kva den inneheld fork­lar­er dei enkelt, gre­itt og kan­skje aller best sjølv på sida si:

Kall det gjerne bloggens svar på mel­lom­ro­ma­nen. Ikke akku­rat Umber­to Boc­cioni, men faen ikke helt Mar­i­anne Aulie heller. Kan­skje litt nærmere Keger enn Bates. Litt Honet, hvis du skjøn­ner. Ikke Carti­er-Bres­son, nærmere Jamel Shabazz. Mer Jar­musch enn Michael Mann. Du vet, en bland­ing av Waits, Crys­tal Cas­tles og gam­mal LL.Cool.J.
– Litt Berlin?
– Litt Berlin.

Wordboner Store

Pen­gar ska­par ikkje gled­er, det er det t‑skjorter som gjer. Word­bon­er Store selg t‑skjorter med store meiningar. Eller små. Alt etter kva for ei du kjøper.

Simon Collison

Simon Col­li­son si heime­side er eit funn: Her er alle mod­erne tekniske illus­trasjonar satt til side, og naturfaget er hipt att! Over­sik­ta over kva denne karen driv med (foruten å drikke te og spane på roll-upar) er bygd opp av bok­sar som ein plan­sje med forskjel­lige insektstypar.

Trondheimposters

Eg skreiv på knask for okto­ber om Oslo­posters, med spørsmål om når andre byar skulle kome etter. No har Trond­heim teke ini­tia­tivet og star­ta Trond­heim­posters. Stord eller Bergen lar vente på seg, men me sat­sar på at det kjem i løpet av kort tid…

Autofullføring på Google-vis

Er du også forun­dra over mange av søk­je­forsla­ga Google til tider kjem med? Du er tydlegvis ikkje åleine, skal me tru nettsi­da Auto­com­plete Me. Her er det nem­leg sam­la ein­del forslag som kan­skje ikkje heilt er det rette…

Ikoner/brusher

Aldri ein fredag utan… Ja, du veit kor­leis den går etterkvart:

Likar eg ikkje typografi lenger?

Svaret på det er: SJØLVSAGT! Har rett nok ikkje pub­lis­ert så myk­je typografi-relatert i dagens knask, men det er ein god grunn for det. Eg har nem­leg eit rel­a­tivt full­spekka inn­legg på plakat­en om akku­rat det temaet. Det vert pub­lis­ert plutseleg!

Ha ei strå­lande helg folkens!


4 svar til “Knask på ein fredag: Januar”

  1. Dig­i­tal podge er lekker å se på, men jeg skjønte heller ikke helt hva det drei­de seg om. Men inspir­erende er den uansett! :D

    Elsker også designet til Simon Col­li­son, men desverre funker ikke sida i Opera. I hvert fall ikke hos meg.

    Uansett, blog­ginn­leggene dine er like saftig som alltid! Du har en av Norges beste blog­ger! Keep up the good work!

  2. Kjekt å høyre at inn­leg­ga mine er god lesning! Håper det vil falle i smak resten av året også, og sær­leg der­som eg byr­jar med knask kvar fredag.
    Job­ber med å finne ein ny måte å pre­sen­tere meg og mitt, og er alltid open for nye innspel til kor­leis eg kan videreutvikle nettsi­da mi!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

%d bloggers like this: