Knask på ein fredag: Februar

Det har ikkje akkurat bugna over av innlegg frå mi side i det siste. Eg kan heller ikkje love at det kjem så mykje i næraste framtid heller, då den stadig voksande og sprekkferdige magen til madammen straks skal resultere i ei aldri så liten familieauke… I slike fødselsførebuande tider er det godt eg kan tipse deg om knask frå her og der på det store Internett!

Ein katt etter skrift

Eg skreiv for ei tid sidan om korleis ein hund med f.eks. namnet Comic Sans kunne ha sett ut. Eg har fått ein del sinte e-postar på grunn av at eg ikkje har samalikna katter med skrifter. Neida, men fortvil ikkje. Sjølv om du skulle vere allergikar har 9GAG allereie teke hand om den biffen utan å røyte!

Nedstripping av typografi

Dersom du har arbeida med vektor, og fyrst og fremst med outlina tekst, kjenner du til at det er fort gjort å fjerne eller få strekane heilt ut av lodd. Dette har Atelier Olschinsky teke eit steg vidare med deira typografiske ekperiment som kan sjåast her!

Me elskar ting som er gratis, ey?

Eg kan med glede dele to skrifter eg har dulta borti på min veg gjennom Internettet. Last ned og ver kreativ!

Archive

Trykk på biletet over for å sjå meir og laste ned skrifta.

Poly

Trykk på biletet over for å sjå meir. Denne er også tilgjengeleg som nettskrift hjå Google Webfonts!

W

Ein litan fiffig greie heilt på tampen. Visste du at bokstaven «W» ikkje vart teken med i det svenske alfabetet før 3. mars 2006? Er ikkje slikt greit å vite på ein fredag, eller?