Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Ikkje frykt Internett!

Sjå for deg dette: Du tek ekstremt bra bileter, skapar banebrytande grafiske designperler eller rett og slett har lyst å vise det store vide Internettet at du kan skape ting. Utfordringa er at du ikkje tør. Kva gjer du?

Ventar du på at nevøen din skal få tid til å lage den, sidan han sa for to år sidan at han skulle? Altså, du gjer ikkje så mykje med det. Er du redd å skape noko på Internett på grunn av manglande kunnskapar?

Frykt ikkje! Den sjølvstendige illustratøren og skriftdesignaren Jessica Hische og utviklaren Russ Maschmeyer frå Facebook har nemleg sett saman ei nettside som skal hjelpe deg  med å kome deg på nett: Don’t Fear the Internet. Gjennom fleire steg får du ein kort innføring, gjennom video, tekst og lenkjer, i kva som er der ute, korleis ting fungerar og korleis du kan ta steget ut i denne fantastiske verda på eigenhand — og vise at du kan noko! Over ser du fyrste video som gir deg ein introduksjon til dette nyttige prosjektet.

Berre eit lite tips frå meg til deg på ein vanleg torsdag.

Summary in english:

Don't Fear the Internet

Are you afraid of taking the steps necessary to show your work on the Internet? Fear no more! Jessica Hische and Russ Maschmeyer have created a page that could help you: Don't Fear the Internet. Go get creative on the net too!


2 ytringar

  1. Ååå, så fin nynorsk oversettelse!

    Elisabeth
    torsdag 19. januar 2012, 14.32 · Permalenkje
  2. Joa, takk ;)

    Espen M. Kvalheim
    torsdag 19. januar 2012, 15.31 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional